Kanon frå Mats Cato
Osingen Mats Cato Moldskred ligg på 3. plass på Adeccobørsen. Sundag sette han inn ei viktig perle for Løv-Ham.


Mats Cato Moldskred ligg på 3. plass i snittkarakter på spelarbørs i Adeccoligaen til no i år, som einaste Løv-Ham spelar på topp 20. Lagkamerat Knut Walde ligg på 21. plass, medan osingen Moldskred har 5,36 i snitt på 14 kampar.
Sundag sette han dessutan inn eit viktig 1-0-mål på ei perle av eit langskot i den viktige 2-0-sigeren over Skeid: SJÅ SKÅRINGA LIVE
- Det var utruleg kjekt å treffa med langskot etter gamalt. Eg har hatt nokre gode forsøk i år, men dessverre ikkje truffe frå slik avstand før i dag, seier Mats Cato til Midtsiden.no om si femte skåring for sesongen.
Får skryt
Mats Cato, som gjekk frå Os til Løv-Ham før 2008-sesongen, meiner sjølv han har hatt ei positiv utvikling i år.
- Sesongen starta dårleg. Eg var i god form i vinter, men var skadd i to månadar før sesongstart. I sommar har eg gradvis blitt betre og i haust har eg starta i alle kampane bortsett frå to.
- Eg har blitt meir stabil samstundes som toppnivået mitt har blitt betre, forklarar han.
Trenaren Trond Amundsen er einig, og "hyller driblekongen" i eit intervju med BT.no sundag kveld.
- Eg synes Mats Cato har tatt eit langt skritt denne sesongen, og blitt mykje meir stabil, seier Amundsen til BT.
Klar for nytt nivå?
Dette er ikkje første gong i haust at Moldskred får positiv merksemd, og spelaren meiner sjølv at han kan vera klar for Tippeliga-nivå.
- Eg håpar prestasjonane mine blir lagt merke til, og trur at eg kan vera klar for Tippeligaen. Men eg har eitt år igjen på kontrakten med Løv-Ham, og spelar gjerne fleire år til i 1. divisjon, seier 23-åringen.