Halhjem ferjekai. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy

Kansellerer fleire avgangar

OPPDATERT: Ferjer til både Sandvikvåg og Våge er innstilte.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Restane av den tropiske stormen «Helene» har kome til Vestlandet, og no byrjar vinden å få konsekvensar.

Klokka 17.35 meldte Fjord1 om forseinkingar mellom Halhjem og Sandvikvåg grunna tekniske problem.

Klokka 18.37 melder ferjeselskapet at dei kansellerer to avgangar frå Halhjem, 18.30 og 20.00, og to frå Sandvikvåg, 19.15 og 20.45.

Årsaka er tekniske begrensinger og vêrforholda.

OPPDATERT:

Klokka 20.32 melder FosenNamsos MF Selbjørnsfjord innstiller alle avgangar frå Våge frå og med klokka 20.25 grunna uvêret.

Klokka 21.55 melder FosenNamsos at også ferja mellom Hatvik og Venjaneset er innstilt.

Fleire saker