Kansellerte ferjer i uvêret
Fleire samband i Os kansellerer fredag kveld (oppdatert).
Onsdag kom stormen «Helene» til Vestlandet, i dag herjar uvêret Knud langs kysten.
Rogaland og Agder får den kraftigaste vinden, langs E39 gjekk siste ferje over Boknafjorden klokka 18.00.
– Vi har førebels ikkje fått varsel om nokre hendingar i Os, sa Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen til Midtsiden i 20.30-tida.
• Oppdatert kl 22.25: Fjord1 kansellerer alle avgangar frå Halhjem fram til klokka 06.00 laurdag. Siste frå Sandvikvåg blir klokka 23.00, neste frå Sandvikvåg blir klokka 07.00 laurdag.
• FosenNamsos melder klokka 21.44 at avgang frå Hatvik til Venjaneset klokka 21.50 er kansellert. Sambandet er kansellert «ut dagen» grunna vêrforholda.
• Klokka 21.54 fortel FosenNamsos at dei kansellerer avgang frå Halhjem klokka 21.05 og frå Våge klokka 22.15 grunna uvêret.
• Fjord1 kansellerte avgang frå Sandvikvåg klokka 21.15, og frå Halhjem klokka 20.30, men det var grunna tekniske utfordringar.
Har vinden gjort skade der du er?
Send bilde og informasjon til tips@midtsiden.no eller ring Midtsiden på vaktnummer 97975200 (ikkje sms).