midtsiden

Kanskje blir det laks

Ungdomsutvalet i Os JFL inviterer til fiskesommar på Oseana-moloen. Der kan det bli både fangst og premie.

Av: Andris Hamre

Os Jakt og fiskelag sitt ungdomsutval har søkt om å få bli del av eit landsomfattande prosjekt i regi av Noregs Jeger og fiskerforbund kalla Fiskesommar.

Torsdag 14. juli frå 17-20 inviterer dei fiskeinteresserte ungar opp til 14-15 årsalderen til fiske frå Oseana-moloen.

- Oj, se på den, strålar dei to fiskerane då ein laks av bra størrelse hoppar og leikar seg i vatnet rett ved moloen.

Sikre rekrutteringa

Dei to småbarnsfedrene har nettopp gjort unna dei første rundane med ein eventyrleg start på laksefisket i Oselvo. No har dei lyst til å spreie fiskegleda til nye generasjonar.

- Du kan seie det er ei oppfølging av den fine starten på sesongen i elva. Vi må jo sørge for at ungar og ungdommar får interressa opp for det å fiske med stong frå land, smilar dei to entusiastane.

Som del av den landsomfattande aksjonen har dei fått tildelt ei rekke flotte premiar frå mellomanna Sølvkroken som dei vil dele ut blant dei som kjem på fiskedagen.

- Vi deler ut premiar på frammøte, men finn nok på litt ekstra til den som får den største fisken òg.

Må ha flyteplagg

Ein ting er dei to fiskarene oppteken av.

- Dei som kjem må ha flytevest eller anna flyteplagg, formanar dei to strengt.

- Det er fort å gli på molosteinane nede ved fjorden, spesielt om ein får napp og blir ivrig. Då held det ikkje berre å vere svømmedyktig, seier dei to.

Det er ingen påmelding til fiskesommaren, men berre å møte opp ute på moloen ved Oseana.

- Vi kjem òg til å ha ungdomsfiske 1. og 29. august oppe ved handicap-brygga i Oselva, legg dei to til før dei gjer seg klare for ein ny kveld og natt langs bredden av Oselvo.

Fleire saker