Lokal | 04. des. 2014

Kanskje det største problemet

Ferjefri E39: Ei bru er "gløymt". Ikkje den over Bjørnafjorden, men den over Ulvenvatnet.

Kanskje det største problemet
Korleis løyser vegvesenet fire felt over Ulvenvatnet med barnehagar og bustader som næraste naboar? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 04. des. 2014 12:53

Bildeserie:

Mobergsbrua har i dag to felt (foto: Andris Hamre)
Mobergsbrua har i dag to felt (foto: Andris Hamre)
Vegen går tett oppi bustadhus og to barnehagar (foto: Andris Hamre)
Vegen går tett oppi bustadhus og to barnehagar (foto: Andris Hamre)
Omlag der lastebilen på bildet er vil motorvegen frå Svegatjørn til Bergen starta (foto: Andris Hamre)
Omlag der lastebilen på bildet er vil motorvegen frå Svegatjørn til Bergen starta (foto: Andris Hamre)
1 av 3

Når ein lokalt har diskutert ferjefri E39 så har ein snakka om firefelts motorveg på strekninga frå Moberg i tunell til fjorden og bru over Bjørnafjorden. 18. november fekk osingane meldinga dei har venta i over 50 år på, nemleg at ein får firefelts motorveg frå Svegatjørn til Rådalen og Bergen.

Då står ein att med ei strekning på omlag 2,5 km med berre to felt, frå Moberg til Svegatjørn.

Blir det fire felt?

På folkemøtet med Statens vegvesen og fylkeskommunen onsdag stilte Nils-Anders Nøttseter (MDG) spørsmålet.

– Kva skjer mellom Moberg og Svegatjørn?

– Kjem det ny bru, blir det fire felt?

– Både dei som bur på Kuventræ og i Varåsen høyrer trafikken godt allereie i dag, korleis vil ein løysa dette? undra Nøttseter.

– Får brynt oss

Prosjektleiar Signe Eikenes frå Statens Vegvesen innrømma at det blir ei nøtt å knekka.

– Vi må nok ha firefelts veg der også.

– Vi jobbar allereie med saken, men det er ikkje ei lett strekning. Vi skal få brynt oss der, slo Eikenes fast.

Fleire følgde opp Nøttseter sitt spørsmål, men blei ikkje så mykje klokare.

Det blir av og påkøyring frå E39 ved Svegatjørn, men korleis ein løyser vegen over Ulvenvatnet og kor tunellen ut mot fjorden skal starta er ikkje klart.

– Vi har ikkje kome dit enno i prosessen, forklarte vegsjef Helge Eidsnes.

Les òg:

Presenterte fire alternativ
Lågare temperatur enn venta

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.