Lokal | 14. feb. 2018

Kaos mot by'n

Bussar av vegen på Strøno og over Fanafjellet. Treig trafikk på E39 over Vallaheiane.

Kaos mot by'n
Sånn sto bussen som skulle frakta elevar frå Strøno til Nore Neset onsdag morgon. Elevane måtte etterkvart køyrast med bil, fortel lesar. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Andris Hamreonsdag 14. feb. 2018 07:29

Bildeserie:

Oransje og raud farge indikerer at trafikken går seint på Strøno. (Google Maps)
Oransje og raud farge indikerer at trafikken går seint på Strøno. (Google Maps)
1 av 1
Oransje og raud farge indikerer at trafikken går seint på Strøno. (Google Maps)

Sjølv om det er bart og greitt på Osøyro, så skal du ikkje særleg høgt før blaut og sleip snø skaper problemer.

Over Fanafjellet har det vore problemer heile morgonen. I følgje facebook-gruppen «Trafikkmeldinger Fanafjell» Skal to bussar stå i grøfta på Nordviksida og ein bil på Fanasida av Fanafjellet. Køen skal strekke seg vidare inn til Lagunen.

Tre bussar skal stå på toppen og venta. Det skal også vera treig trafikk over Vallaheiene.

– Køkaos i Osvegen òg. Går veldig seint. Brukte 25 minutt frå Kaland skule og er snart på toppen av Valle, skreiv ein omlag ti på halv ni onsdag morgon.

Oppdatert, kl 09: Vegen over Fanafjellet skal vera rydda og trafikken flyt fint. Skal vera litt sleipt enkelte plassar.

Skulebuss i grøfta på Strøno

Ein tipsar fortel at ein buss står på halv åtte i krysset mellom Nord- og Sørstrøno, nær brua.

Ifølgje Google si trafikkovervaking er det svært saktegåande trafikk i dette krysset på Strøno.

Éin Midtsiden-lesar fortel at bussen sto i grøfta klokka 08.10, og at fleire skuleelevar måtte køyrast til Nore Neset med bil, ein annan seier bussen sto der allereie klokka 6.40.

Problem for kollektivtrafikken

Både vegmeldingssentralen og Skyss stadfestar problema.

– Kraftig snøfall gjer i dag store forseinkingar på veldig mange linjar i heile fylket. Vi gjer vårt beste for å koma fram til deg, og håper på forståing for forseinkingane i dag, onsdag, skriv Skyss.

Når det gjelde Bergen sør har dei følgjande oppdateringar:

  • Vegen over Fanafjellet er delvis stengt og fleire bussar står fast. Gjer store forseinkingar på linje 62. Gjeld også skulebussar, linje 99
  • Linje 54: Fleire av turane på linjen står også fast på Fanafjellet, og gjer store forseinkingar/innstilte avganger på linja
  • Linje 600: Veldig saktegåande trafikk gjer forseinkingar på linja.

Også på Flesland skaper snøen store problemer og forseinkingar i flytrafikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.