Lokal | 07. mai 2010

Kaos på Halhjem

Fredag ettermiddag sto bilane på kryss og tvers i rundkjøringa ved Halhjem ferjekai. (Oppdatert)

Kaos på Halhjem
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2010 15:47

- Det ser heilt merkeleg ut, seier Kristoffer Glomsaas på telefon til redaksjonen fredag i 16.50-tida.

- Det er lange køar, folk som står i feil kjørefelt og prøver å kjøre feil veg gjennom rundkjøringa. Eg veit ikkje kor lang køen er, men eg tvilar på at det løyser seg med den dirigeringa vi ser.

Glomsaas sto på veg inn i rundkjøringa frå Bjørnen då trafikken stoppa opp. Bilar på veg til ferjekaien lagde kø, og bilar på veg frå Os til Bjørnen, som prøvde seg på ein snarveg feil veg gjennom rundkjøringa, gjorde det ikkje betre.

- Vi kom oss gjennom etter ei stund, og då sto køen på Halhjemsvegen heilt opp til Søre Neset skule.

Midtsiden.no har ikkje lukkast i å få tak i politiet for kommentar.

Klokka 18.36 ringer Glomsaas igjen, og fortel at køen går eit godt stykke forbi Haugland, og at folk i køen ikkje forstår kva som skjer.

- Det er lang kø, men nesten tomt på ferjekaien. Forklaringa folk får er at dei i billettluka ikkje rekk å registrera alle fort nok, derfor tar det ekstra med tid. Ei dame som skulle til Våge kom ikkje med ferja, sjølv om den berre var halvfull, seier han.

Politiet skal ha sagt at dei ikkje har ressursar til å rykka ut og hjelpa til.

Klokka 19.40 fekk vi melding om at ferjekaien var full, men at det ikkje var kø ved rundkjøringa lenger.

Sjå video frå rundkjøringa.
(Foto: Kristoffer Glomsaas)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.