Lokal | 09. jan. 2014

Kappa handa rett av

Ei kvinne i 40-åra er flydd til sjukehus etter ei ulykke i Lysefjorden.

Kappa handa rett av
Luftambulanse kom til staden for å frakta kvinna til sjukehus. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. jan. 2014 17:22

Torsdag i 15.15-tida kom melding om eit arbeidsuhell i Lysefjorden.

Lege, ambulanse, brannvesen og luftambulanse rykte ut til staden.

– Eg kan ikkje kommentera skadetype eller omfang, men eg kan stadfesta at vi har vore på eit oppdrag etter eit uhell i Lysefjorden, og at den uheldige er frakta frå staden i luftambulanse, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Vedkomande, ei kvinne i 40-åra, har kutta handa rett av med kappsag.

Det blir stadfesta av sambuaren hennar i dialog med Midtsiden torsdag ettermiddag.

Kvinna er flydd til Haukeland universitetssjukehus og frakta vidare til Rikshospitalet i Oslo.

Ulykka har ikkje skjedd i yrkessamanheng.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.