F.v.: Karl Kvile, Odd Jarle Hjelle og Kristian Bødtker. (Foto: FK Fyllingsdalen og Kjetil Vasby Bruarøy)

Karl Kvile inn som ny trenar

Etter fleire år i Brann, Løv-Ham og Fyllingsdalen kjem Karl Kvile til Kuventræ for å leia ei ny satsing på Os 2.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Andrelaget til Os får uttak til eigen stall, dei skal med A-laget på treningsleir i vinter og dei får ny hovudtrenar.

– Vi er veldig nøgd med at vi har fått inn Karl Kvile som hovudtrenar. Odd Jarle Hjelle og Kristian Bødtker, som har leia Os 2 dei siste åra, held fram i trenarteamet, fortel sportsleg leiar Jan Frode Skeie.

– Eg ville eigentleg ha inn ein ny hovudtrenar for gutane i fjor, men då blei det ikkje sånn. Eg trur dette blir bra og ser fram til at vi skal jobba saman, seier Odd Jarle.

Kvile er har UEFA A-lisens og har blant anna jobba saman Frode Lohne Sæle, som kom til Os i fjor. Også Lohne Sæle blir verande i klubben.

Fokus på spelarutvikling

Etter opprykket i fjor haust blei det retur til 5. divisjon for Os sitt andrelag. Men den auka satsinga på andrelaget, som i stor grad består av juniorar og gutespelarar, handlar ikkje om kva divisjon Os 2 skal spela i.

– Karl Kvile er ein erfaren spelarutviklar, blant anna kjent frå FK Fyllingsdalen si satsing på utvikling av spelarar i ung alder, seier Skeie.

Les òg: Slik ble Fyllingsdalens 13-åringer best i landet (Aftenposten.no)

Kvile var i Brann-systemet, der han blant anna var med og trente Barmen, Grønner, Skårnes, Vindheim og Hansson, før han gjekk til Løv-Ham og, etter samanslåinga, Fyllingsdalen.

– Ein klubb med sterkt fundament

Karl Kvile fortel at han, etter fem år i Løv-Ham og Fyllingsdalen, no har hatt eit friår.

– Eg har fått tid til å reisa litt rundt å sjå ein del fotball. Det har òg vore nokre trenartilbod, både for yngre lag og senior, seier Kvile.

Etter det Midtsiden kjenner til skal han ha utmerkt seg då han tok A-lisens.

Med lisensen kunne han trent eit lag i Tippeligaen, i staden blir det 5. divisjon på Os.

– Årsaka til at eg takka ja til Os er at eg er fascinert av tankesettet til klubben. Dei har ein plan som dei jobbar systematisk etter. I tillegg er det ein klubb med ei stolt historie, dei har stor medlemsmasse og ei fungerande leiiing.

- Os Fotball har fundamentet på plass. Jobben held fram med å utvikla spelarar til eige A-lag, til kretslag og kanskje òg til landslag og til toppklubbar. Vegen vidare, å løfta A-laget opp nokre nivå, krev både frivillighet og veldedighet.

– Om lokalsamfunnet og næringslivet i og rundt Os ser verdien av å ha ein toppklubb, så kan det gå heile vegen opp også for A-laget, seier den ambisiøse spelarutviklaren, som så vidt har vore på Kuventræ og helst på spelargruppa han er i ferd med å overta.

I det daglege jobbar Kvile som tannlege, etter ein periode som pilot. Ein periode jobba han som begge delar samtidig, noko Bergens Tidende gjorde eit nummer av for nokre år sidan.

Fleire saker