Karoline først i køen i vestlandsmeisterskapen

Rallycross: Både Karoline og bestemora Randi Karin køyrer fort i haustsesongen.

To raske Breivikar - Karoline og Randi Karin har begge sete sitt preg på vestlandsmeisterskapen i rallycross denne sesongen. (Foto: Team Karoline) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 25. sep. 2019 14:43

Bildeserie:

Tredje best i VM! (Foto: Team Karoline)
Best i VM! (Foto: Team Karoline)
Tredje best i VM! (Foto: Team Karoline)
Best i VM! (Foto: Team Karoline)
1 av 2
Best i VM! (Foto: Team Karoline)
Tredje best i VM!  (Foto: Team Karoline)

Før sommarferien tok Karoline Breivik sin andre siger i vestlandsmeisterskapen. Dette gjorde at Karoline leia meisterskapen fram mot haustsesongen.

Haustsesongen til Karoline starta med to NM-løp og eitt løp i vestlandsmeisterskapen.

Desse vart køyrt i Skien, på Flisa og på Eikås.

Ikkje raskt nok - men haustar poeng

Karoline fortel at løpet i Skien var prega av våte tilhøve, noko ho ikkje trivst med.

– Det vart ikkje dei beste tidene på meg, men det er kjekt å sjå at sekunda går nedover.

– På Flisa var det sol og fint vêr, men her òg vart det ikkje dei beste tidene.

– Eg er uansett nøgd med NM-sesongen, og eg haustar med meg viktige poeng.

På Eikås køyrde Karoline inn til ein andreplass, og behaldt leiinga i vestlandsmeisterskapen.

Bestemor Randi Karin Breivik slost seg til ein tredjeplass på denne runden, og med det ein fortsatt tredjeplass i meisterskapen.

Knalla til i Vikedal

Den femte, og siste runden av vestlandsmeisterskapen gjekk i Vikedal i helga som var.

Karoline starta dagen med siger i det første heatet, og høyna med å gjera det same i andreheatet.

Tida henner frå det første heatet enda faktisk opp med å vera bestetid totalt sett.

Med dette var Karoline sikra «pole position» (framst i køen), og ho stod over det tredje heatet.

I finalen leia Karoline frå start til mål.

Med sigeren vart dette Karoline sin tredje siger i dei fem rundane i vestlandsmeisterskapen, rallycross over 2.400 kubikk.

Ho har med dette vunne løp i Egersund, Bergen og Vikedal i tillegg til ein andreplass i Bergen og ein tredjeplass i Vikedal.

I Noregsmeisterskapen har Karoline kjørt fire av seks rundar og har fått poeng i tre av desse løpa.

Randi på tredje

I vestlandsmeisterskapen, klasse nasjonal rallycross, skulle Randi prøva å sikra eller forbetra tredjeplassen i meisterskapen.

​Randi starta dagen med tredje beste tid i første heatet, før ho fekk fjerde beste tid i det andre heatet, og ei ny tredje beste tid i det tredje og siste heatet.

Dette plasserte henne på tredjeplass etter dei innleiande rundane.

I A-finalen kom Randi ut som nummer fire før ho tok sats og kørde seg opp til tredjeplassen i finalen.

Randi har kjørt fire av fem løp i vestlandsmeisterskapen, med tre tredjeplassar og ein femteplass.

Sesongslutt for dei raske damene blir når det skal køyrast klubbløp på Eikås laurdag 12. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.