Sport | 19. nov. 2017

Karoline med hattrick i KM-finalen!

Os J13 vann 3-0 og blei kretsmeister søndag ettermiddag.

Karoline med hattrick i KM-finalen!
Os J13 blei kretsmeistrar i Vestlandshallen søndag (privat foto)
Andris Hamresøndag 19. nov. 2017 16:00

Søndag blei kretsmeisterskapet i 1. divisjon J13 spelt i Vestlandshallen. Os møtte der Bønes og hadde få problem med å ta meisterskapet heim.

– Vi har god kontroll heile kampen og vinn relativt komfortabelt, fortel trenar Robert Nøss.

Os tapte mot Bønes i serien tidlegare i sesongen, men søndag var jentene frå Kuventræ suverene.

– Den gangen var vi ikkje full tropp, det var vi i dag. Vi tek leiinga omlag midtvegs i første omgangen og putter eitt til før pause slik at vi leier 2-0 etter den første omgangen.

3-0 kjem i andre omgang også det er det Karoline Hevrøy som skårar for oss. Ho løyser det meste for oss framover på banen.

– Men i dag speler heile laget bra og speler ein fotball slik vi vil. Vi speler oss ut bakfrå og er bevisste på å halde på ballen. Det har vi vore i heile sesongen og i dag viser jentene at dei handterer den type fotball, avslutter Nøss som fortel om mykje osingar på tribunen og god stemning i Vestlandshallen.

Os - Bønes 3-0 (2-0)
Os sitt lag: Karoline Louise Hevrøy, Maria Midtlid, Mariell Korneliussen Bastiansen, Synne Emilie Mjånes Tøssebro, Isabel Hjortland, Hedda Stamnes Lindbom, Leah Bårtvedt, Sultan Duvarci, Hilde Elisa Davidsen-Tingvatn, Anna Rød, Maiken Andrea Rosenbäck-Nesse, Nora Blindheim Nøss, Magdalena Basuka, Emma Sofie Vikne Færevaag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.