Kartlegg myrene med radar
Planlegginga av E39 mellom Os og Bergen går på høggir. Denne veka blir myrer undersøkte med georadar.
Prosjektorganisasjonen til Statens vegvesen region vest hadde håpa på ein litt kaldare vinter sånn at dei kunne ha nytta meir maskinelt utstyr for å undersøka grunnforholda i Endelausmarka.
I staden måtte det handakraft til for å dra den avanserte georadaraen over myrene.
– Hadde det vore frost i bakken så hadde jobben blitt enklare, men no har vi fått på plass Geoscan frå Bergen som gjer undersøkingane for oss, fortel prosjekteringsleiar, Kelly Iversen, i det vi forlet bilen i Åsen og traskar innover i eit heller blaut terreng mot traseen til E39 Svegatjørn-Rådal.
Les òg: Kvikke kast i Endelausmarka
Kvar 10. centimeter
Inne mellom Hestatjørna og Langelitjørna møter vi på dei to karane frå Geoscan, Karstein Monsen og Harald Iwe.
– Det vi gjer er at vi dreg denne radaren over terrenget vi ønskjer å undersøka.
– Kvar tiande centimeter skyt den ut fire impulsar som blir reflektert i større og mindre grad av jordsmonna. Det gjer at vi, når vi kjem tilbake på kontoret, kan modellera kor langt ned det er til fast fjell eller sandlag, forklarer Iwe.
For å ha eit kalibreringspunkt slår geologane ned stålrør i kanten av området dei skal måla, slik at dei veit den eksakte djupna på eitt punkt.
– Det gjer at vi kan teikna ut ganske detaljerte 3D-kart over jordsmonnet, supplerer Monsen.
Deponi og industriområdet
Området geologane gjer undersøkingane i er både i traseen for E39 og på området Os kommune eig i Endelausmarka, det som skal bli næringsområdet Lyseparken.
– Dette området vil bli eit deponi for nokre av steinmassene frå tunnellane.
– Årsaka til at vi har hyra inn geologane er for at vi skal få eit grunnlag for å kunne estimera kor mykje myr og torv som skal gravast vekk og kor mykje stein det er plass til her, forklarar Iversen.
– Området vil nok bli heva opp mot 20 meter i høve her vi står i dag, skyt kontrollingeniør Jostein Hårklau inn.