Lokal | 28. juni 2019

Kasta snusen ned på naboen sin terrasse

Kjipe naboar, svanane på Halhjem og mopedkvelt.

Kasta snusen ned på naboen sin terrasse
Mopedkvelt på Austevoll, festlege naboar på Lekven og svanar på Halhjem er siste nytt frå politiet. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 28. juni 2019 07:59

Politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand, fortel om eit heller roleg døgn i Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

Klokka 20.45 i går kveld kom det melding om eit trafikkuhell på Storebø på Austevoll. Ein gut hadde kvelva på moped, og det vart meldt at guten, som er fødd i 2002, var oppegåande, men noko medtatt. Mopedføraren klaga på smerter i ei hofte og ein arm, og vart teken med ambulansebåt til Hjellestad og vidare til Haukeland sjukehus.

Lyssand fortel at det komen fram at mopeden var trimma, og at det er teke beslag i denne. Det er på noverande tidspunkt ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Festlege naboar

Litt over klokka elleve i går kveld kom det melding om feststøy som gjekk utover nattesøvnen på Lekven.

Lyssand fortel at ein famile med barn opplevde høg musikk og roping frå husværet i etasjen over seg. Det hjalp nok lite på stemninga at dei festelege naboane kasta snus ned på terrassen til naboane som prøvde å få teke natt.

Lyssand fortel at meldar òg hadde vore ein tur opp til naboane for å få roa ned stemningen uten at dette hadde hatt ei umiddelbar effekt på stemninga.

– Det kom ikkje fleire meldingar frå dette nabolaget, så vi får tru at det det etterkvart vart natt på Lekven òg.

Synlege på Osdagane

Lyssand kan vidare opplysa at politiet i Os vil vera synelege og ute blant folk under Osdagane.

– Vi vil vera til stades der det er folk, og vi kjem til å ha fotpatruljar ute. Allereie i går løyste vi ei lita sak som truleg hadde mykje å seia for dei det gjaldt; nokon hadde funne eit barne-bankkort i sentrum, og dette gav dei til patruljen. Vi fekk tak i eigar, og ikkje lenge etter var bankkortet i rette hender att.

Lyssand kan òg fortelja at politiets sin operasjonssentral i Bergen held fram med å få meldingar om svanane som heng ut på ferjekaien på Halhjem.

– Det er truleg gjennomreisande som finn det urovekkjande at det går svanar laus på kaien, men desse svanane er så langt, frå operasjonssentralen si side, ikkje vurdert som ei alvorleg hending som gjer at vi må rykka ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.