Kultur | 15. sep. 2012
Kinoen havarerte
Over 400 blei sendt skuffa heim frå Madagaskar 3. Kon Tiki blir vist, men nokre minutt etter skjema.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. sep. 2012 18:01
– Dette var utruleg trist, seier programsjef Berit Steen.
Over 400 hadde kjøpt billett til haustens første kino i Oseana, Madagaskar 3. Men så fekk Bygdekinoen data-krasj.
– Vi set opp filmen laurdag om ei veke. Dei som har kjøpt billett og ikkje har tid til å koma på kino den laurdagen kan koma og henta tilgodeseddel til ein seinare film.
Klokka 19.00 i kveld skal den norske storfilmen Kon Tiki visast.
– Folka frå Bygdekinoen har vore i Bergen for å skaffa nytt utstyr.
– Vi fekk nettopp stadfesta at vi får vist filmen, men den blir nok utsett frå klokka 19 til nærmare 19.30.