Lokal | 04. juni 2010

KIWI i gang

Nye butikkar på Moberg: Kiwi håper å vera klar med ny butikk før jul, Bunnpris ventar på veg.

KIWI i gang
Andris Hamrefredag 04. juni 2010 09:21

For ganske nøyaktig eit år sidan skreiv Midtsiden.no om at KIWI hadde fått godkjent ei utnyttingsgrad på 1000 kvm på tomta. Representantar frå kjeda sa då at dei håpa på å vera klare med ny butikk før jul. I desember i fjor var alle løyvene på plass, men arbeida ikkje starta. Då var målet å bli klar med butikken i løpet av 2010.

Har tatt eit år
Denne veka starta dei opp med gravemaskin og borr for å testa grunnen.

- Om alt ser bra ut går vi i gong med grave- og bygjearbeida med ein gang, og då håpar eg vi skal klara å vera ferdige til jul i år, seier regionsansvarleg for KIWI Jan Roger Henriksen til Midtsiden.no

Blir ikkje sundagsåpen
Butikken som blir på omlag 1000 kvm blir ikkje ein sundagsbutikk kan Henriksen fortelja.

- "Brustadbuene" som kan halde sundagsåpent har ei grense på 100 kvm. Dei bygjer vi gjerne i tilknytning til andre butikkar, men vi har ikkje slike planar for butikken på Moberg.

Uavklart veg for Bunnpris
Bunnpris vil òg etablera seg med ein butikk i området. Dei kjøpte i fjor haust ei 13 mål stor tomt mellom Solbakken og Halhjemsvegen kor dei planlegg ein like stor butikk.

- Vi held på med vegvesenet for å få avklara tilkomstveg. Når denne kjem på plass vil vi senda inn reguleringsplanen, seier Thomas Sandland i Bunnpris-kjeda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.