Kjærleik over (lande)grenser
Iselin Skoglund frå Nordstrøno og Joris van der Meijden frå Nederland fann kjærleiken på Stord.
Tekst: Laila Marie Reiertsen
Stadig fleire giftar seg i utlandet, 5.000 fleire i 2011 enn i 2010. Andre giftar seg i heimbygda, men med ein partnar frå eit anna land.
For Iselin Skoglund og Joris van der Meijden blei 18. august den store dagen. Ho frå Nordstrøno og han frå Leiden i Nederland blei gift i Os kyrkje. Familie og venar frå begge landa var med og gjorde dagen deira til ein minnerik fest.
Join Us framførte vakker song og var med på å stå for eit hav av såpebobler som kom dalande ned over brudeparet på veg ut av kyrkja.
Kjærleik ved fyrste augekast
Paret trefte kvarandre på lærarhøgskulen på Stord i 2009. Ho studerte til å bli faglærar i praktiske og estetiske fag medan han hadde valt eit supplement til si allmennlærarutdanning , eit fire månadars kurs i friluftsliv.
Valet for hans del var om han skulle ta desse månadene i Noreg eller i Alaska. Og han har sjølvsagt ikkje angra på valet av Noreg i dag, når han ser bort på kona si og sonen deira Sverre, som fyller to år i november.
Det var ei venninne av Iselin som først fann ut at desse to passa i lag. Ho gav beskjed til Iselin om at det ho var viss på. Og etter nokre dagar var det første møtet blitt til noko meir.
Bomma på namnet
Det gjekk ei tid før Iselin skjønte at han ho hadde forelska seg i heitte Joris. Ho trudde nemleg at namnet hans var Georges.
– Joris sine spanske venar hadde problem med å uttala Joris, så for meg høyrte det ut som Georges, fortel Iselin.
Tilbake til Nederland
Fire månadar gjekk fort og snart var tida komen for at Joris måtte tilbake til Nederland for å fullføra utdanninga si. Men éin ting visste dei; dette var alvor.
– Vi er glade for at videosamtale på nett fungerer så bra, Skype gjorde at vi lett kunne halda kontakten på ein god måte, seier Iselin.
Joris ønskte å fortelja foreldra ansikt til ansikt om at han hadde funne kjærleiken i Noreg. Og det gjorde han. Men at dei allereie dagen etter han hadde sagt det så skulle dei få helsa på henne var nok overraskande. Men det blei ei hyggeleg juletid i Nederland der Iselin fekk god kontakt med familien til Joris.
Norskkurs og Nav
Joris gjekk på norskkurs i kommunal regi då han kom til Noreg igjen etter fullført utdanning. Han meistrar språket godt. Og sjølvsagt hjelpte det på at han var nøydd til å snakka norsk med Iselin og hennar familie.
Men han synes ikkje det var bra at andre på norskkurset ikkje tok det seriøst. Og ikkje minst at dei ikkje trente vidare då kursdagen var omme. Mange heldt seg berre med folk frå eige land på fritida, og snakka morsmålet seg imellom.
Ei anna utfordring var Nav. Joris ønskte å arbeida. Han venta på godkjenninga si som allmennlærar frå Nederland, noko han no har fått.
Men han måtte også ha eit D- nummer for at han skulle få bankkontonummer. Nav sendte han til banken. I banken viste dei til at han måtte ha arbeid først. Men han kunne ikkje få jobb utan D-nummer.
Tida og månadane gjekk. Enden på runddansen var at ein arbeidsgjevar som ønskte å tilsetja Joris tok kontakt med Nav. Då fekk han D-nummer og alt var i orden.
– Takk til arbeidsgjevaren i barnehagen for dette, seier Joris, ein arbeidsgjevar har framleis jobbar for.
Visse forskjellar
På spørsmål om kva dei to synes er dei største forskjellane på Nederland og Noreg seier Joris at han har inntrykk av at det er meir disiplin i barnehage og skule i Nederland.
– Vi er nok litt strengare med ungane i Nederland. Og så snakkar dei tilsette i barnehaar meir med foreldra i Nederland enn i Noreg.
Elles er det litt ulikskapar i feiring av høgtider. Men Iselin og Joris ser berre positivt på variasjonane og på å byta mellom å feira i dei to landa.
Litt nederlandsk kultur har Joris tatt med seg til Noreg, på vasspipa hans er det frukttobakk som gjeld.
Ser Noreg på ein annan måte
Joris set pris på den vakre naturen vi har i Noreg, fjord og fjell står i kontrast med det temmeleg flate terrenget i Nederland. Og Joris nyter naturen, anten på vandring i fjellet eller på fisketur.
– Han har også fått meg til å heva blikket og sjå meg litt rundt i heimbygda. Det eg tok som sjølvsagt av vakker natur har kome til meg i heilt andre og vakrare bilde takka vera mannen min, seier Iselin.
Musikk og mat
I bryllaupet både i kyrkja og på sjølve festen utgjorde musikk mykje. Og den gitarspelande brura slo like godt til med Love is all around us av Wet Wet Wet, til stor begeistring hos gjestane. Også far og tanta til Iselin ga sine bidrag, saman med fleire, til god musikk denne dagen.
Medan brura står for musikken tar brudgommen seg av matlaginga.
– Der er han ein meister, ifølgje Iselin.
Sist ho hadde bursdag gav han henne ei kokebok frå Nederland å ba henne velja ei kake frå boka. Kaka kom som bestilt og smakte himmelsk.
Blir verande i Noreg
Iselin og Joris er samd i at det nok blir Noreg som blir deira land for framtida. Men sjølvsagt med mange besøk til Nederland. Og at Joris sin familie vil dei besøka så ofte dei kan.
Dei ønskjer begge faste jobbar. No arbeider dei i vikarstillingar, han i Kuventræ barnehage og ho på Nore Neset skule. På sikt vil dei også finna seg eit større husvære.
Men akkurat no er dei litt utladd etter ei lang bryllaupsfeiring over fleire dagar, og har meir enn nok med kvarandre og den vesle sjarmerande sonen deira, Sverre .