Lokal | 01. juli 2020

Kjede-bulking på Søfteland

Tre bilar blei lettare skadd.

Kjede-bulking på Søfteland
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juli 2020 07:26

Tysdag klokka 14.43 fekk politiet melding om trafikkuhell på E39 Byvegen, nær Compact AS og Søfteland barneskule.

– Eit vogntog sto og venta, delvis ut i vegen. Den første bilen svingte ut, og sånn eg har forstått det var det dei tre neste som var involvert, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Den neste bilen bremsa, og fekk bil nummer tre i hekken. Bil nummer tre blei så påkøyrd av bil nummer fire i rekkja.

– Ingen personar blei skadd, og dei involverte svingte inn på busslomme og fylte ut skademeldingsskjema.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.