Kjekk og viktig dag på brannstasjonen
I dag kunne du koma tett på blålysetatane: nærare 600 tok turen.
Som ein del av den årlege Brannvernveka var det i dag open dag på beredskapssenteret på Moberg.
– Kor mange små brannhjelmar vi har delt ut er ein god peikepinn på kor mange besøkande vi har hatt innom seier brannsjef i Os, Stein Gjøsund.
– Sjølv med vêr som jobbar imot oss kan vi seia oss godt nøgd med besøket i dag.
– Førebyggjande arbeid er det absolutt viktigaste vi i brannvesenet driv med. Sjølvsagt skal vi ha beredskapen i behald, men vi ser kor godt det førebyggjande arbeidet har virka når vi må ta i bruk beredskapen. Det er då vi ser dei endelege resultata. Difor er denne dagen utruleg viktig for heile samfunnet.
I tillegg til å kunne få helsa på vassekte brannmenn, spyla med brannslange og få prøvesitja brannbilar, var både politi og ambulansetenesta til stades på arrangementet.