Kultur | 21. mars 2019

Kjekt og viktig samarbeid mellom sør og nord

På søndag held Søre Neset Musikklag konsert saman med Nore Neset skulekorps.

Kjekt og viktig samarbeid mellom sør og nord
På søndag vert det konsert med Nore Neset skulekorps og Søre Neset Musikklag på Lunde barneskule. Her frå fellesøvinga i går. (Foto: SNM)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 21. mars 2019 10:08

Bildeserie:

Auka rekruttering er noko begge korpsa jobbar med. (Foto: SNM)
Auka rekruttering er noko begge korpsa jobbar med. (Foto: SNM)
Korpsa vil spela to fellesnummer under konserten på søndag. (Foto: SNM)
Korpsa vil spela to fellesnummer under konserten på søndag. (Foto: SNM)
1 av 2
Auka rekruttering er noko begge korpsa jobbar med. (Foto: SNM)
Korpsa vil spela to fellesnummer under konserten på søndag. (Foto: SNM)

Hilde Lyngstad i Søre Neset Musikklag fortel at det ikkje er første gongen dei har med seg gjestar frå Nore Neset.

– Dette er eit kjekt og viktig samarbeid med omsyn til rekruttering, både til skulekorpset, og til «vaksen-korpset».

Lyngstad fortel vidara at denne gongen skal korpsa saman spela to ABBA-låtar som fellesnummer. Dirigent på desse vert skulekorpset sin dirigent, Ben Hirons.

– Korpset og musikklaget øvde saman på Nore Neset barneskule i går, og det var var verkeleg trøkk i det storkorpset. Håpet er jo at dei unge vert inspirert til å halda fram med musikk-hobbyen, også etter at dei vert for «gamle» til å vera med i skulekorpset, avsluttar Lyngstad.

Konserten på søndag vert halden på Lunde barneskule, og det vert basar undervegs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.