Lokal | 14. okt. 2018

Kjekt på utsio

SIO-prosjektet med tydelege resultat på Varafjell.

Kjekt på utsio
Varafjell avlastningssenter har oppgradert uteområdet sitt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 14. okt. 2018 13:37

Etter at Os kommune hadde vore med i SIO-prosjektet (statleg finansiering av omsorgstenestene) i eitt år, kunne prosjektleiar Barbra Træland i juni 2017 fortelja at kommunen no hadde stålkontroll på kor mykje ressursar dei nytta på kva oppgåver.

– No kan vi få til ganske mykje gøy. No har vi eit verktøy som viser kva vi leverer, kor mange årsverk vi har. Vi kan sjå om vi klarer å levere det vi skal, om vi har for mange på jobb eller for få på jobb, sa Træland då tenesteutvalet fekk ei statusoppdatering.

Skal vera gøy for alle!

Varafjell avlastningssenter har i sommar oppgradert uteområdet sitt. Dette med hjelp frå SIO-prosjektet.

Leiar ved Varafjell, Yvonne Matre fortel at SIO-prosjektet har gjort det mogleg å disponera pengane på ein heilt annan måte.

– SIO har løyst ut heilt nye moglegheiter i pleie- og omsorgssektoren. Saman med midlar frå investeringsfondet til kommunen har vi fått realisert eit flott uteområde for brukarane våre.

– Eg er lidenskapeleg oppteken av at det skal vera gøy for alle utandørs, og no har vi verkeleg fått oss mykje tilrettelagd boltreplass i hagen vår, fortel ei engasjert, og ikkje lite stolt Matre.

Godt samarbeid og meir enn berre eldreomsorg

Heile realiseringa har vore ei positiv oppleving fortel Matre;

– Vi har handla inn utstyr og materiell via innkjøpsavtalar kommunen allereie har, og samstundes har Teknisk drift ved kommunen vore ein uvurderleg samarbeidspartnar.

– Her må eg få lov til å skryta ekstra mykje av Torunn Paus frå eininga, seier Matre. Ho har allereie jobba med fleire av dei kommunale uteområda i Os, og ho sit på mykje god kompetanse på korleis ein går frå plan til ferdig område.

– No håpar eg vårt uteområde her på Varafjell kan inspirera andre i kommunen til å realisera gode utandørs prosjekt i Os.

– SIO-prosjektet er mykje meir enn berre eldreomsorg, og skal famna breitt innan pleie- og omsorg, avsluttar Matre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.