Kjem den første?
Os Wolverines inviterer til amerikansk fotballrunde på Kuventræ laurdag. - Vi håper på vår første heimesiger, seier Adrian Sælen.
Dei to siste sesongane har gutane i Os Wolverines spelt i den lokale åttelags-ligaen. Sist helg var kampane lagt til Åsane kor jervane møtte Bergen Replacements.
- Det endte med tap 6-12, men det var ein jamn og hard kamp, fortel Adrian Sælen, leiar i Os Wolverines.
- Replacements er eit lag vi har slete med og blitt knust av dei to siste åra, men vi gjorde det langt betre på laurdag.
Ein siger, eitt tap
Dette gjer at Sælen er optimist framfor møtet med studentane fra handelshøgskulen NHH Capitalists.
- Vi har slått dei éin gong og tapt éin gong, så det ligg an til å kunne bli ein jamn kamp.
- VI håper sjølvsagt på vår første heimesiger når vi løper ut på den gamle kunstgrasbanen på Kuventræ laurdag klokka 12.30, seier Sælen.
Juniorhjelp frå Bergen
Om lag 30 spelarar har i sommar vore med på treningane til Wolverines.
- Det er alltid nokon som ikkje kan, så eg reknar med at vi blir vel 20 spelarar i morgon.
- Stallen har blitt litt styrka samanlikna med i fjor då vi har fått hjelp frå nokre Bergenskarar som har spelt på juniornivå tidlegare.
Innleiande runde
Det er to kampar som går på Kuventræ i morgon. Først ut klokka 10 er Bergen Sharks og Navy Valkyries før heimelaget altså møter studentane frå Eidsvåg klokka 12.30.
- Dette er innleiande kampar. Seinare i høst får vi òg ein semifinale på Kuventræ, avsluttar Adrian Sælen, som håper mange finn vegen til ein annan type fotballkamp i morgon.