Det er fleire etasjar med husvære over naustet. (Foto: Midtsiden)

Ein lengre kamp mot flammane

Ein båt i brann er tatt ut av naustet. Brannvesenet melder klokka 12.30 brannen under kontroll. 

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag i 10.30-tida kom det melding om brann i eit naust, med fleire etasjar med leilegheiter, på Søvikneset.

Ei kvinne og eit spedbarn blei evakuerte.

Faren for spreiing til nabobygg var tidleg over, men det var ei stund usikkert for etasjane over naustet.

– Det brenn framleis i naustet, men brannvesenet har meir kontroll på flammane no, opplyser 110-sentralen klokka 12.05.

Naustet har båtgarasje, og ein båt som låg på sjøen, i naustet, tok fyr.

Denne er slept ut av naustet og forsøkt sløkt på sjøen av brannbåten Sjøbrand.

OPPDATERT: Brannvesenet melder brannen under kontroll klokka 12.05.

– Men det brenn framleis i båten som ligg på sjøen, fortel politiet.

Fleire saker