Fotball | 12. okt. 2010

Kjempar om kretsmeisterskap

Lysekloster er sikra sluttspelplass i 6. div. Andrelaget er avhengig av Søfteland sitt resultat.

Kjempar om kretsmeisterskap
Andris Hamretirsdag 12. okt. 2010 12:15

Dei lokale laga i 6. og 7. divisjon er i ferd med å avslutta seriespelet. Den einaste spenninga som står att er om det er Lysekloster 2 eller Søfteland som skal få kjempa om kretsmeisterskap frå 7. divisjon.

Lysekloster suverene
Førstelaget til Lysekloster har vore suverene i 6. divisjon avd. 1 med 15 sigrar og 3 uavgjort. Heile 13 poeng framfor Fana 2 på andre plass enda lysefjordingane. Dei er òg det laget som har skåra mest (85 mål) og sluppe inn minst (23).

Lysekloster er allereie sikra spel i 5. divisjon neste år, men må kjempa med vinnarane av dei to andre 6. divisjonsavdelingane om å kunne kalla seg kretsmeistar. Dei tre laga Lysekloster, Dale og Fyllingen 2 skal ut i ein enkel serie for å avgjera meisterskapet.

Søfteland kan avgjera
I 7. divisjon har dei tre laga frå Os - Søfteland, Nore Neset og Lysekloster 2 alle sikra seg opprykk til 6. divisjon. Dei tre oslaga har skilt seg ut på tabellen og kjempa innbyrdes om retten til sluttspelplass.

Nore Neset er ferdige med sine seirekampar og endar på tredje plass. Søfteland ligg i dag på andre plass to poeng bak Lysekloster 2 og vil med siger i heimekampen mot Galgen sundag kl 18 overta tabelltoppen og retten til å kjempa om kretsmeisterskapet.

Sluttspelet går over 3 runder der vinnaren går vidare for kvar runde. Søfteland/Lysekloster 2 skal ut mot Djerv 3 eller Bjarg 2 som vinnar av avdeling 5. Vinn dei den kampen ventar vinnaren av avdeling 1 før ein eventuell finale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.