Kjempar om plass på pallen
Karoline Breivik ligg på andreplass før ho i helga kjører fjerde NM-runde i sin første rallycross-sesong.
Karoline Breivik (18), som har kjørt bilcross frå ho var konfirmert, prøvde seg på rallycross i eit par løp i fjor.
I år gjer ho det svært bra i sin første heile rallycross-sesong.
I førre runde, som gjekk i Melhus, måtte ho skifta bil før start og hadde litt problem med kjøling og lekkasje på den leigde bilen. Men ho fullførte med to 6. tider og éi 3. tid med heat-siger.
– Eg hamna i førstespor i B-finalen der eg kjørte meg opp til A-finale, fortel Karoline.
I finalen blei det 5. plass av 8 startande.
Håper på pallplass
– Eg ligg framleis på 2. plass samanlagt for junior, men det kjem gode førarar tett bak, med meir motorsterke bilar enn den eg har.
Det er fem førarar som no kjempar om dei tre plassane på pallen.
– Også i helga kjører eg med leigd bil, og eg vil retta ei stor takk til Even Hvaal for at eg får leiga bilen hans. Men eg får kanskje min eigen bil klar til siste NM-runde.
Fjerde runde, som går i helga, blir arrangert på Dokka. Siste runde går to veker seinare, 13. og 14. september, på Gardermoen.