Sport | 14. sep. 2010

Kjempescoring ga siger

Søre Neset tok tre viktige poeng i kampen om opprykk då dei slo Vadmyra 2 1 - 0 måndag kveld.

Kjempescoring ga siger
Andris Hamretirsdag 14. sep. 2010 09:44

Det blei ein arbeidssiger for Søre Neset då dei møtte Vadmyra 2 på heimebane måndag kveld.

- Vi har god kontroll i 1. omgangen med ei kjempescoring etter 23 minutt kor vi kjem rundt på kanten og får slått inn foran mål der Tore Kinden nikkar ballen utagbart i det lengste hjørnet, seier trenar Morten Øvrebø.

- Vadmyra var vanskelege å spele mot. Dei lå lavt og spelte med mykje fysikk, fortel Øvrebø.

Søre Neset fekk òg ei scoring annulert i 1. omgang og dermed leiia dei 1 - 0 til pause.

Andre omgangen blir ein stillingskrig kor Søre Neset stangar og stangar mot den kompakte forsvarsmuren til Vadmyra 2.

- Vi klarar ikkje å få til det flotte spelet som vi har vist i dei andre kampane i høst. Vadmyra 2 gjer oss lite rom å spele i, forklarar trenaren.

Siger i kvar kamp
Søre Neset ligg for augeblikket 5 poeng bak Krabbetor og er avhengige av å vinne dei 6 siste kampane sine, mellomanna den mot Krabbetor i tredjesiste serierunde.

- Vi har fortsatt tru på opprykk, men det er klart at Krabbetor må avgje poeng også mot andre enn oss for at det skal gå, seier Øvrebø.

- Det er ein liten mental prøvelse vi står foran. Det å måtte vinne kvar kamp for å rykke opp. Hadde det vore i fjor hadde vi allereie vore klare, avsluttar trenar Morten Øvrebø.

Desse starta for Søre Neset:

Anders Kloven, Frank Haugland, Emilis Zilinskas, Audun Røren, Ørjan Hellesnes, Anders Kinden, Andreas Pettersen, Øystein Lien, Torbjørn Hjelle, Tore Kinden, Kjetil Henriksen

Spelarar med speletid: Ørjan Håland, Remi Lindborg, Lars Martin Høyvik, Robin Hjertnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.