Kultur | 09. mars 2017

Kjøkkenet er ferdig og namnet er bestemt

Restauranten som kjem i Torgbygget har fått namn. I innspurten før opning søkjer dei etter fleire tilsette.

Kjøkkenet er ferdig og namnet er bestemt
Reidun Vasby, Marianne Østrem, Susanne Sperrevik og Frank V. Bruarøy i det nye restaurantlokalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. mars 2017 21:58

Bildeserie:

Kjøkkenet er på plass, møblane er på lager. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjøkkenet er på plass, møblane er på lager. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Godt utstyrt og kompakt og praktisk innreia. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Godt utstyrt og kompakt og praktisk innreia. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bygget skal bli klart tidsnok til opning til påske. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bygget skal bli klart tidsnok til opning til påske. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skisse, her utan heissjakt til takterrassen.
Skisse, her utan heissjakt til takterrassen.
Utanfor kjem fontener. (Foto: AH)
Utanfor kjem fontener. (Foto: AH)
Etter at Øyro fekk nytt dekke har monteringa av baldakiner starta. (Foto: KVB)
Etter at Øyro fekk nytt dekke har monteringa av baldakiner starta. (Foto: KVB)
1 av 6

Os kommune sitt nybygg på Torget på Osøyro er snart ferdig. Bygget blir av huseigar kalla «Osroso», for å hylla den unike rosemålarkunsten frå Os.

• Les òg: Havnechefen får leiga «Osroso»

Leigetakar, Havnechefens Restaurant AS, vurderte å adoptera namnet, men har bestemt seg for å halda på Havnechefen.

– Sidan vi flyttar nokre meter vekk frå Oselvo, der svana «Hamnesjefen» bur, og sidan Os kommune vil hylla dei stolte rosemålartradisjonane, vurterte vi å endra namn, seier dagleg leiar Reidun Vasby.

– Men tilbakemeldingar vi fekk viste at vi burde tenkja oss om ein gong til. Vi oppretta ny Facebook-side etter at vi slutta å leiga Engeline-bygget, og spurde dei over 1100 følgjarane vi til no har fått. Det var rimeleg samstemt; hald på namnet!

Vil hylla rosene likevel

Restaurantlokalet vil likevel få Os-rosa på eine veggen, kanskje òg i diskret, ton i ton, som dekor andre stadar.

– Vi har hatt rosemålar Torunn Farsund nedom på bygget og lufta nokre idear. Eg føler vi forsto kvarandre godt og gler meg til å sjå kva ho, saman med designar frå Picapoint, kjem fram med.

– Samtidig vil jo bygget heita Osroso, om restauranten har eit anna namn.

40 + minst 100 sitjeplassar

Havnechefen får eit stort og praktisk kjøkken, men har langt fleire sitjeplassar ute enn inne.

– Vi reknar med å få cirka 40 sitjeplassar inne, fleire om det er store grupper som sit tett, men har til saman minst 100 ute, dei fleste under tak.

Det kjem tre meter takutstikk langs to av veggane, i tillegg skal det kjøpast inn parasollar til den 100 kvm store takterrassen.

Utanom borda som høyrer til restauranten vil Os kommune ha fleire sitjegrupper på Torget. Frå Torget kjem det spiraltrapp til takterrassen, i restauranten er det heis.

Treng fleire tilsette

Går alt etter huseigar sin siste reviderte plan kan det bli opning av Havnechefen før påske.

– Han som skulle vera kokken Frank si høgre hand har flytta, så vi er på jakt etter ein kokk til.

– Fleire av servitørane våre har vore tolmodige og venta, men vi kan koma til å trenga fleire der òg.

Ein av servitørane som har hatt Havnechefen som deltidsjobb er Marianne Østrem.

– Eg får sjølv mange spørsmål om kor tid vi opnar og korleis det blir, eg gler meg veldig til å koma i gang igjen! seier Marianne.

Kjøkkenet er så og seia ferdig, møblar er kjøpt og står lagra, utemøblar er tatt ut og kassaapparat er bestilt.

Elektrikarar held i desse dagar på å trekka dei siste røra, og Havnechefane ser fram til å ta neste del av innreiinga.

Smak kjem først

Havnechefen vil, som før, ha ope frå god tid før lunsj til sein middag, sju dagar i veka.

– Vi vil dessutan halda fram med å vera litt fleksible, er det gjestar som vil ha dessert eller eit glas til så stenger vi ikkje i panikk fordi klokka har blitt eitt eller anna. Så lenge vi er innanfor skjenketida og det er stemning for å bli sitjande så har vi som oftast litt å gå på, seier Frank.

Store delar av menyen dei tidlegare hadde, bestseljarane frå Brugata, er med vidare.

– Eg har lovd energiministeren at han skal få biff, godt kjøt av storfe blir fast på menyen, avslører Frank.

Han har i tillegg fleire nye innslag liggande klare til opninga, og til gradvis utviding av menyen utover våren.

– Kva med fokuset på helse og tida di med Berit Nordstrand som sparringspartnar?

– Vi tenkte ganske likt frå før, noko som var utgangspunktet for at vi blei kjent og har gjort ein del saman. Berit har same prioriteringsrekkefølge som meg, smak kjem først, og frå gode råvarer. Vi har hatt mange gode møte med spennande leverandørar dei siste vekene, fleire av dei er veldig engasjerte og vil vera med på å skapa aktivitetar. Vi er òg representert i ei arbeidsgruppe i Bjørnefjorden Matkultur, som er under etablering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.