Kjøkkenet og scenen er klar - så kjem uteservering
Hanne's Konditori & Musikkbar opnar fredag om ei veke. Nyleg godkjent uteservering skal stå klar før 17. mai.
I februar fortalte ekteparet Hanne Hansen og Bjørn «Bosse» Sigurjonsson om planane i Brugata, fredag om ei veke opnar Hanne's Konditori & Musikkbar i lokalet til «Fiskar-Lepsøe'n».
– Eg synest det har blitt veldig fint her! For naboar og forbipasserande er det sikkert ein hyggeleg overgang frå duften av fisk til duften av bakst, seier Ingvar, som i fleire tiår dreiv som fiskehandlar i lokalet.
Kjøkkenet og scenen står klar
Det er framleis høg aktivitet i lokalet, men Bosse og Hanne held seg til planlagt opningsdato fredag 28. april.
– Vi kjem til å opna klokka 06.30 om morgonane, men akkurat opningsdagen ventar vi til 10 med å sleppa folk inn.
– Musikkbaren, som blir open i helgene, skal vanlegvis stenga til midnatt, men opningshelga køyrer vi på til 2.
Kjøkkenet er bygd på nytt og er allereie i drift. Den erfarne konditormeisteren Hanne har både tatt prøvebakst, alt med surdeig, og gjort unna dei første bestillingane på kaker.
– Det er opna for bestillingsvarer og vi har fått på plass ei lita utstilling i den delen av fasaden som er open, seier Hanne.
Vil bygga 12 meter lang uteservering
Hanne's Konditori & Musikkbr har fått godkjent å bygga uteservering ut i Brugata.
– Det blir nett som i Syden, der folk går mellom konditoriet og uterestauranten, forklarer Bjørn.
Terrassen skal byggast på utsida av dagens fortau, som altså blir i bruk som før, men med 5-6 bord og plass til rundt 20 gjestar ute på dagtid. Det er førebels ikkje ambisjonar om å skjenka utandørs.
– Terrassen blir ikkje klar til opningsdagen, men skal stå ferdig før 17. mai.