Lokal | 08. juni 2010

Kjøpte siste stykket

Os kommune har no fått full kontroll på Endelausemarka.

Kjøpte siste stykket
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. juni 2010 07:56

Os kommune har jobba i lengre tid med å få kjøpa ei rundt 100 mål stor tomt i Endelausemarka. No skal avtalen vera i boks.

- Vi har no cirka 800 mål samanhengande areal å laga næringsområde av, seier ordførar Terje Søviknes.

Var klar til å «gå langt»
Han vil ikkje ut med kvifor det har tatt så lang tid å få kjøpa dette stykket, eller kva som var avgjerande for at grunneigar no vil selja, men seier kommunen betaler same «strøk-pris» som for dei andre tomtene dei har kjøpt i området.

- Formannskapet har vore utålmodige med å sikra seg også dette siste stykket, som ligg midt i resten av det vi eig. Dei har også signalisert at dei «vil gå langt» for å få kjøpa denne tomta.

Kommunen eig 90 prosent
Frå før har kommunen sikra seg det meste av arealet rundt det store krysset som kjem når den nye E39-parsellen til Bergen ein gong står ferdig.

Os kommune eig med det 80-90 prosent av det komande næringsområdet, avhengig av kor stor del av terrenget mellom dei to planlagte tunnelane som blir regulert til næring.

I tillegg har det kommunaleigde selskapet Os Bygg og Eigedom AS sikra seg to parsellar i eit LNF-område ved Vindalsvatnet (skravert raudt på kartet). Dette området er på til saman 530 mål, og kan med tida bli regulert til bustad.

Ingen private med på lasset
Os kommune eigde ikkje i Endelausemarka frå før, men har steg for steg kjøpt seg opp i området, saman med Os Bygg og Eigedom AS.

- Kvifor har det vore viktig for kommunen å sikra seg meir eller mindre heile området?

- Det er for at vi skal få planlegga og detaljregulera området meir effektivt.

- Når private sit på så store eigedomar i eit så viktig område, hadde det ikkje vore naturleg å utvikla dette i eit samarbeid mellom det offentlege og private?

- Endelausemarka blir kostbar å utvikla, og det er ikkje alle private grunneigarar som sit med verken kapital eller kompetanse til å bidra med i ein slik målestokk. Derfor ville vi sikra oss størsteparten av området.

Næring, industri og handel
- Når vi no har fått kontroll over området kan vi driva vårt reguleringsarbeid parallelt med vegvesenet sitt planarbeid for området, noko som er ideelt, seier Søviknes.

Mesteparten av Os kommune sitt areal i Endelausemarka ligg vest for det komande krysset, men kommunen eig også i rundkjøringa.

- Vi må gje vekk litt til veg, samstundes er det fint å ha litt eigedom også aust om vegen.

Ordføraren fortel at Os kommune vil bruka tid og ressursar på å legga ein god plan for Endelausemarka, med eigne område for industri, lager, handel og service/kontor. Korleis næringsområdet, som kjem til å ligga strategisk til mellom Bergen og Halhjem, skal sjå ut for forbipasserande, blir også tatt med i planen.

- Både funksjon og estetikk blir viktig, seier Søviknes.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.