Kultur | 25. okt. 2010

Kjøpte verdas største

TV-aksjonen: Varde Film og Media kom med høgaste bod på det 600 kvadratmeter store fotmåleriet frå NKF.

Kjøpte verdas største
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. okt. 2010 10:05

I går gjekk årets TV-aksjon av stabelen og over 200 millionar kroner blei samla inn til Flyktningehjelpen. Summen er høgare enn både fjoråret og året før, og i Os var selskapet Varde Film og Media blant dei store gjevarane.

- Eg har lest om måleriet i bergensavisene og eg kjenner ei av dei som var med på prosjektet. Då auksjonen var i gong såg det ut til å bli selt for billig, noko eg syntes var dumt, fortel Anders Fløysand.

Verdas største
Måleriet er 600 kvadratmeter stort og består av 43.000 fotavtrykk, noko som symboliserer dei 43 millionane med menneske som er på flukt.

Studentar ved Norges Kreative Fagskole står bak stuntet.

Sjå målerit og les meir om prosjektet på bt.no.

Eit team frå Guinness Rekordbok skal ha godkjent måleriet som verdas største.

Selt for 6000 kroner (!)
Fløysand registrerte seg på QXL, nettstaden der auksjonen gjekk, og kasta seg på det han meiner var ein veldig tam bodrunde.

- Eg sa ifrå til arrangørane at dei burde auksjonert det vekk på ein annan måte og marknadsført det betre. Auksjonen var vanskeleg å finna og det var heller ikkje lett å by høge summar.

Anders prøvde å starta med 5000 kroner, men fekk ikkje registrert bodet. Likevel gjekk det opp til 6000 før bodrunden i 23-tida i går kveld blei avrunda.

Kvar skal det henga?
Eigaren av verdas største måleri er no skuffa over at det blei selt så billig, glad for at han vann og litt stressa med tanken på kvar det skal henga.

- Eg har ikkje plass til det på kontoret i alle fall, ler han.

- Men kanskje vi kan dekka tak og veggar i Oseana med det, legg han til.

- Så du vurderer å selja det eller gje det vekk?

- Eg veit ikkje, førebels må eg finna ein plass å legga det. For å seia det sånn; dette er ikkje det mest gjennomtenkte eg har gjort. Eg ville berre hjelpa til.

Osingane gav lite
TV-aksjonen samla inn mykje på landsbasis, men snittet per innbyggar i Os var magert.

På landsbasis er snittet drygt 41 kroner, i Os knappe 35 kroner. Dette er det lågaste snittet i Hordaland.

Sjøfronten spytta i
Om innbyggarane ikkje var så rause i går var det heldigvis fleire firma enn Varde Film og Media som gravde fram nokre tusenlappar.

Stor-Bergen Boligbyggelag, selskapet bak Os Sjøfront, hadde seminar på Solstrand i helga. Det betyr ikkje at dei gøymte seg for bøsseberarane.

Dei inviterte nemleg bøsseberarar oppom Solstrand for å overrekka ein sjekk på 10.000 kroner til auksjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.