Lokal | 24. juli 2012

– Kjørte i skytteltrafikk med boss

Måsane i Strøno blir feitare og feitare. Men er det Bir sin feil?

– Kjørte i skytteltrafikk med boss
Sånn såg det ut i Lønnevågen tysdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. juli 2012 15:35

Måndag fekk Midtsiden telefon frå ein irritert hytteeigar med bryggeplass i Lønnevågen i Nordstrøno.

– Det er det same kvar ferie. I påsken var det fullt med boss på innsida og utsida av konteinaren, og fuglane heldt fest, og no i sommar har det vore det same, seier Karsten Finnema.

– Bir lover betring og hyppigare tømming, men det ser ikkje ut som om dei følgjer med. Dei tømmer berre om onsdagen, og så blir det fullt til helga. Gjennom helga og på tampen av helga fyller det seg opp på utsida, og så startar vekene med boss utover heile plassen.

– Dei kan ikkje seia at vi ikkje skal setja noko på utsida heller, vi betaler avgift for å få avfallet enta og er ikkje interesserte i å ha boss i bilen heile vegen heim til Bergen.

– Ein glipp

Kari Mjømen hos Bir fortel at det har vore to tømminger i veka, ikkje éin, på returpunktet for hytteavfall i Nordstrøno i sommar.

– Vi hadde ein glipp måndag 25. juni, då henta vi om onsdagen i tillegg til fredagen.

– Og så hadde vi ein glipp i går, så koteinaren blei tømt i dag i staden, fortel Mjømen.

Sendte kontrollør til staden

Bir er ikkje framand for tanken om verken å auka storleiken eller tømmefrekvensen ved returpunkta. Mjømen seier dessutan at ho er glad for at folk melder ifrå, sjølv om det skjer gjennom media.

– No har vi snakka med ein nabo til returpunktet, og vedkomande kan fortelja at det laurdag kjørte ein bil i skytteltrafikk til og frå konteinaren og kasta boss.

Etter at Midtsiden tok kontakt tysdag morgon har Bir hatt kontrollør på staden.

Vedkomande fann både avfall som ikkje høyrer heime i konteinaren og teikn på at same person har kasta store mengder avfall i same slengen.

Fleire syndarar

– Det blei blant anna funne malingspann og trevirke, ting som ikkje skal kastast med restavfallet, ting som kan vera teikn på at nokon har drive med oppussing og tatt alt avfallet der hyttefolk skal kasta det.

– At det også står fleire store sekkar, sekkar som ikkje går inn luka på konteinaren, med avfall som ser ut til å koma frå same hus eller hytte (same type vinflaske i ulike sekkar, osv), gjer at vi trur det er nokre få som kvittar seg med avfall på ein uansvarleg måte.

Konteinaren er låst, så det er ein med nøkkel som har vore med på å fylla den med grovavfall som gipsplater, rørdeler og hageavfall, ting som ikkje skal i slike konteinarar med til gjenvinningsstasjon.

– Det er mogleg at vi kan gjera ein betre jobb, men det ser ut som om det også er fleire årsaker til at det hopar seg opp ved dette returpunktet, seier Kari Mjømen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.