Lokal | 04. apr. 2017

Klaga for seint

Politidirektoratet avviser klage frå Os og Fusa om manglande samanslåing av lensmannskontora i dei to kommunane.

Klaga for seint
Ordførarane Marie Bruarøy (H) og Atle Kvåle (Ap) klaga i fellesskap på Politidirektoratet sitt vedtak i nærpolitireforma, men var for seint ute (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. apr. 2017 09:26

I samband med nærpolitireforma, og vedtaket om at Fusa lensmannskontor skal slåast saman med Kvam, Samnanger og Tysnes, medan Os blir slått saman med Austevoll har dei to ordførarane Atle Kvåle (Ap) frå Fusa og Marie Bruarøy (H) frå Os i eit felles brev til politidirektoratet klaga på vedtaket.

– Frå 2020 er Fusa og Os ein felles kommune. Det er difor med undring vi registrerer at Fusa og Os er foreslått å vera i to ulike lensmannsdistrikt, heiter det i brevet frå dei to, kor dei òg peikar på at begge kommunane i si uttale til reforma meinte at kommunane måtte ha ei felles tenesteeining.

Unødvendig byråkrati

Vidare i brevet argumenterer dei to for at den nye ordninga vil kunne vanskeleggjera det kommunale beredskapsarbeidet og kriseleiing.

– Den nye kommunen vil få ansvaret for beredskapsarbeid og Kommunal kriseleiing. Erfaring frå kriseleing viser at det er viktig med klare kommandoliner og felles tankegang når det gjeld beredskap og beredskapsarbeid. Det vil difor vera ein stor føremun at den nye kommunen har eit lensmannsdistrikt å forhalda seg til. Alternativet er at den nye kommunen må ha øving og beredskapsplanlegging i lag med to lensmannsdistrikt.

– Etter vår meining er dette unødvendig byråkratisk og kan i verste fall føra til mistydingar i høve til kommandoliner og varsling. Det er viktig for eit godt beredskapsarbeid at den nye kommune får ein lensmann å forhalda seg til, heiter det i brevet frå kommunane.

For seine

I svaret til kommunane avviser Politidirektoratet klagen med bakgrunn i at den kom for seint. Fristen for å klaga på politidirektoratet si avgjerd i høve nærpolitireforma var 10. mars. Brevet frå Os og Fusa blei motteken 24.mars.

– Når det gjeld spørsmålet om kommunesamanslåing, så meiner Politidirektoratet at det vil være naturleg å avvente tilpasningar som følgje av kommunereforma til endringar i kommunegrensene er vedteke, og seinast før endrinar i kommunegrenser vert implementert. Framtidige endringar i kommune- og fylkesstruktruen kan, slik Politidirektoratet ser det, medføre behov for endringar i inndeling av politidistrik, lensmannsdistrikt og politistasjondistrikt. Politiet vil i slike høve involvere kommunane i prosessen med å finne fram til kva justeringar som er mest føremålstenlege, heiter det i svaret, kor direktoratet oppmodar kommunen å fremje sine syn i den vidare dialogen med Vest politidistrikt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.