Klamrar seg til halmstrå
Søre Neset spelte godt borte mot Rosendal, men tok ikkje poenga dei trengte for å halda liv i opprykksdraumen.
– No er det minimale sjansar igjen, men vinn Vadmyra 2 over Solid søndag så er det framleis håp, seier Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.
Les òg:
Søre Neset heng med
Laurdag spelte Søre Neset bortekamp mot heimesterke Rosendal. Søre Neset tok leiinga, men tapte det viktige oppgjeret.
Rosendal - Søre Neset 3-1 (0-1)
Skåring, Søre Neset: Robin Hjertnes
– I dag syntes eg synd på gutane, for vi leverte den beste bortekampen i år. Vi hadde full kontroll på kampen, men slurva på dødball og fekk to mål imot på corner.
På stillinga 2-1 rundt 15 minutt før slutt la Ørjan Håland inn til Jan Einar Strand, som var åleine framfor ope mål. Men Strand blei ifølgje Øvrebø klipt ned på femmeteren.
– Hadde det blitt straffe og utvising ville nok resten av kampen sett annleis ut, i staden putta Rosendal på kontring på overtid.
Cirka halvparten av laga i avdelinga speler 20. runde søndag. Søre Neset ligg no på 4. plass på tabellen med 34 poeng. Framfor ligg Solid og Rosendal med 35 poeng, Solid med éin kamp mindre spelt. Lysekloster ligg som kjent på topp, dei har 55 poeng.
Midtsiden samleside: Søre Neset fotball
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.