Klar for Bring
Os og Bjørnar sine 16-åringar klarte å kvalifisera seg for Bring-serien. Handballjentene på 18 år glapp i sitt Spar-forsøk.


Handballklubbane Os og Bjørnar sitt samarbeid for dei to laga under seniornivå fekk i helga bryna seg i to kvalifiseringar. Med jenter 93 sine vellukka resultat har Os-spelarar, i år under namnet Bjørnar, for andre gong lag med i den riksdekkande Bring-serien (tidlegare Posten-serien).
I den første kampen prøvde dei seg med 3-2-1-forsvar, noko som ikkje var vellukka, men då dei la om til 6-0-forsvarsarbeid henta dei seg inn frå 14-20 til pause til 23-23 mot Stord. Mot arrangørklubben Randaberg blei det 20-16-siger, nok til å kvalifisera seg til Bring-serien.
Bjørnar/Os skal spela neste kampar i Bring-serien i staren av november. Les meir på osturn.no/handball.
Ikkje Spar i år heller
Same helg som 16-åringane kvalifiserte seg til Bring-serien stilte Os og Bjørnar sitt lag til kvalifiseringkampar i Spar-serien.
- I den første kampen møtte dei Stord, og tapte dessverre 18-19. I den andre kampen sto Bækkelaget for tur, og her låg dei ti mål bak ved slutt, fortel formann i handballgruppa, Andris Hamre.
- Eit av måla med samarbeidet med Bjørnar var å stilla styrka i kamp om slike kvalifiseringar. Kva skjer vidare med samarbeidet?
- For 93-jentene blir det jo vidare spel i Bring-serien, men også for jenter 18 held vi fram med å trena saman. Dette gjev betre treningsforhold og høve til å utveksla erfaringar trenarane imellom.