Sport | 14. mars 2018

Klar for eliteserien

40 år etter at Os rykka opp, gjorde osingen Erlend Lyssand og Fana-jentene jobben og er klare for eliteserien i handball.

Klar for eliteserien
Erlend Lyssand og Fana-jentene kan juble over opprykk til eliteserien (foto: Roy Ellingsen, Fanaposten)
Andris Hamreonsdag 14. mars 2018 19:42

Onsdag kveld tok Fana i mot Viking TIF til lokaloppgjer i kvinnene sin 1. divisjon i handball. Vann Fana kampen, så var dei klare for eliteserien.

Fana-trener, osingen Erlend Lyssand, kunne vera godt nøgd med starten på heimebane. Etter berre seks minutt låg heimelaget foran med tre mål og motstandarane såg seg nødt til å ta timeout.

Utover i omgangen jamna det seg ut og heimelaget leia berre 13-12 til pause. I starten av andre omgang sto det 14-14 før treninga til Fana-jentene viste seg å gje resultat.

– Vi trener enormt mykje med ei fysisk økt om morgonen og ei balløkt på ettermiddagen stort sett fem dagar i veka, fortalde Lyssand til Midtsiden før kampen.

Etter å ha lagt likt rykte heimelaget frå og viste ingen nåde. Tilslutt vann dei kampen 27-19 og med det blei dei klare for eliteserien kor dei skal møte lag som Vipers, Larvik, Storhamar og ikkje minst byrival Tertnes Elite den kommande sesongen.

– No er eg ganske tom. Det er mykje som skal ut på ein gang, mykje glede. No er eg litt rørt, kommenterte Lyssand til BA etter at opprykket var klart.

Les óg: Kan ta Fana til eliten

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.