midtsiden

Klar for kamp mot Brann

Juniorlaget til Os har fått optimal opplading til 3. NM-runde: Flott siger tysdag og flytting av tidspunkt for NM-kampen laurdag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag skal Os junior elite spela 3. NM-runde, på heimebane mot Brann. Kampen skulle gått klokka 16.00, men er no flytta til klokka 19.30.

- Dette er bra, no får vi tid til å henta nokre juniorar med båt, seier assistenttrenar Bjørn Bakke.

A-laget har nemleg bortekamp mot Trio på Husnes laurdag klokka 15, og fleire av A-lagsspelarane kan bli aktuelle for juniorkampen seinare same kveld.

- Brann er veldig gode, dei rundspelte nyleg fjorårets serievinnar Fana og vann 4-0. Kanskje får vi også Bjarte Haugsdal å bryna oss på, seier Bakke.

- Endeleg siger
Os sitt juniorlag vann årets andre kamp (4-3 over Odda heime), men hadde før bortekampen mot Varegg tysdag tapt alle dei andre fem kampane til no denne sesongen.

- Det såg mørkt ut i starten tysdag òg, heimelaget leia 2-0 etter 10 minutt. Men så var det nesten som om spelarane våre vakna, vi tok over og utlikna før pause, seier trenaren nøgd.

Etter pause auka Os på, og stakk av med tre poeng etter ein fin 5-2-siger.

Espen Kopperud skåra to av måla, Dani Bergstø, Stian Helland og Vegard Leikvoll Moberg skåra kvar sitt.

- Vi hadde med oss Dani og Vegard frå A-stallen. Dei leverte godt og hadde kvar sine flotte skåringar. Kristoffer Sande var også blant våre besre i denne kampen.

Les meir om kampen og skåringane på osturnfotball.no.

Fleire saker