Lokal | 08. okt. 2009
Klar med tiltale
I februar truga ein 16-åring faren sin med motorsag. No er tiltalen klar.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. okt. 2009 22:58
Fredag 14. februar i år gjekk ein 16-åring amok heime hos faren. Han skal ha truga med å drepa faren og ein slektning med kniv, og kome etter han med ei motorsag.
Faren rømte huset og guten knuste ei rute på nabohuset før han stakk frå staden. Sundag i 16-tida blei guten funnen av politiet.
Ifølgje BA.no er tiltalen no klar. Saka skal opp for Nordhordland tingrett, og guten må ha foreldra med som verge grunna sin låge alder.
16-åringen blir også tiltalt for tjuveri og eit narkotikaforhold.