Kultur | 15. juni 2009

Klar for ny runde

Opus gjekk 14.000 kroner i minus på Herodes Falsk-showet fredag. Til helga er bestseljaren Maggen tilbake, her kan du sjå nokre klipp frå showet.

Klar for ny runde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. juni 2009 10:10

Fredag hadde Herodes Falsk urpremiere på sitt nye show på Opus Café & Bar. Berre 58 løyste billett.

- Det var eit bra show og han tok seg tid til publikum etterpå, med autografskriving og mimring med gamle fans. Eg synes det er utruleg rart at ikkje vi klarar å lokka fleire folk på standup når vi tilbyr slike namn i ei stor bygd som Os, seier innehavar Espen Risti.

Opus gjekk 14.000 kroner i underskot på arrangementet, og kjem ikkje til å setja opp show med komikarar av dette kaliberet på ei lang stund.

Lokal vinnar
I vinter hadde Opus fire rikskjente komikarar på standup, dei fleste framsyningane selte rundt 80 billettar kvar. Så kom lokale Magnar "Maggen" Lien første helga i juni, og selte rundt 150 billettar to dagar på rad.

- Det var ei utruleg helg, med fullt hus frå klokka åtte to dagar på rad. Mot slutten av natt til sundag måtte vi over på flaskeøl, for då var det tomt på fata.

No er det sett opp ekstranummer, førstekomande helg går Maggen på scenen igjen både fredag og laurdag med showet "Stolt, gamal gris".

- Eg ser jo at dette lokale slår an, så det får eg ha i tankane om vi prøver på fleire standshow i framtida. Osingar, om det er fleire morosame enn Maggen, og andre frå Hordaland kan bli aktuelle etter sommaren, seier Risti om standupsatsinga til Opus.

(Vi har vore varsame med å røpa for mange poeng, men legg kanskje ut ein utvida versjon når dei to neste framsyningane er ferdige)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.