Klar for opprusting
Litt forseinka, men no er alt klart for opprusting av Vikjo.
Det var i mai i fjor at Stor-Bergen, saman med Profier og Liegruppen, kom med ei pengegåve på tre millionar kroner til Os. Halvparten av desse pengane var øyremerka opprusting av Mobergsvika.
Arbeidet var planlagt å starta opp i februar, men først no er alle papira godkjent.
-Alle papira er no godkjent av kommunen, så det er berre for entreprenøren å setta i gong, seier Geir Heldal, fagleiar i Byggje- og forvaltningssaker i Os kommune.
Les og: Vikjo blir vakker! og Startar i Vikjo i februar
Eit attraktivt område
Anleggsplanen viser ein promenade/grussti og mur mellom grasplen og strand. Muren vil ha ulike trasêar og leda ned til strandområdet.
-Vi ønskja å lage eit variert område, med forskjellige nisjer og mest mulig integrert, seier administrerande leiar i Bergen og omland Friluftsråd Åge Landro.
-Det er viktig at området er attraktivt for brukarane, Mobergsvika er jo eit flott område som vert nytta året rundt.
Landro fortel at hovedpoenget var å laga ein god overgang mellom strandsonen og grasplenen. Det vil også komma ein grillplass i ei nisje og ei tilkomstrampe for røyrslehemma.
Ikkje sand og stupeanlegg
Spørsmålet om å laga sandstrand har vore oppe til vurdering, men det er for harde vêrtilhøve til at det lar seg gjera. -I så fall måtte vi ha reparert stranda kvart år, seier Landro.
Vidare fortel han at dei hadde håpa på å få opp eit stupeanlegg tilknytta moloen, men at det ikkje var økonomi til dette. Men spørsmålet om vidare utvikling pågår kontinuerlig, så det er mogleg at det kjem i framtida. Til då må nok stuparane fortsetta å ta turen innom uteserveringen til Færingen for å koma seg til stupebrettet.
Målet er framleis St. Hans
Då oppstarten var i februar skulle området vera klart til St. Hans. Landro håpa fortsatt på å vera ferdig til den tid.
-No vart oppstarten litt forseinka, og det er ikkje den lettaste plassen å arbeide, men vi skal gjera det vi kan for at Mobergsvika er ferdig opprusta og klar til St. Hans feiringa i Vikjo.