Lokal | 19. juli 2010

Klar for rehab

Med bloggen «Gull av Gråstein» er Ruth Birkeland Bjørø i finalen i Boligdrømmen 2010. No drøymer ho om å vinna 250.000 kroner

Klar for rehab
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juli 2010 11:10

Ruth Bjørø var ingen bloggar frå før, men var ivrig på internett og kom ved slump over Postbanken sin konkurranse, Boligdrømmen 2010.

- Eg møtte på ei bustadvising, som var eit kriterium for å delta, og sendte inn mitt bidrag. Så blei eg tatt ut som ein av 40 finalistar, fortel Ruth til Midtsiden.no.

Som finalist må ho blogga, og med bloggen Gull av Gråstein gjekk ho vidare blant dei 20 finalistane som no er igjen. Blant desse ligg Ruth no på ein 7. plass.

Slow decorating
Kvar veke får finalistane nye oppgåve som dei løyser på bloggen sin. Kvar veke blir 10 finalistar fjerna.

- Eg prøver å formidla ting eg er opptatt av, relatert til Boligdrømmen. Eg har sans for gjenbruk og det å bruka det du har, ikkje berre tenka på å kjøpa nytt. I den samanheng har eg laga eit uttrykk eg ofte brukar, som passar rehabiliteringsprosessen i huset mitt godt; Slow decorating.

- Med eit minibudsjett tager man det man haver, og det går sakte framover.

Kan vinna 250.000 kroner
Ruth understreker at ho allereie har draumebustaden. Målet hennar med konkurransen er å få fortgang på oppussingsarbeidet.

- Til det treng eg stemmer, mange stemmer. Eg håper osingane tar fram den gode dugnadsånden sin og gjev meg eit tastetrykk, seier ho.

Her kan du stemma på Ruth

Du kan stemme kvar dag og med opptil 8 epostadresser frå kvar ip-adresse. Dei som stemmer er dessutan med i trekninga av 10.000 kroner. Ruth får, om ho vinn, 250.000 kroner i nedbetalt bustadlån.

- Målet er å halda meg blant de 10 beste til siste finaleveke. Då blir stemmene nullstilte og vinnaren blir kåra på bakgrunn av både stemmetal og juryvurdering, kvar del tel 50 prosent.

2. premie og 3. premie er på 75.000 og 50.000 kroner.

Under kan du sjå ein av fleire videosnuttar Ruth har lagt ut som svar på oppgåvene i konkurransen:




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.