Kultur | 28. feb. 2018

Klar for singelslepp og TV2-premiere

Fredag slepp Eirik sin første singel på fem år - laurdag syng han James Brown som favoritt til å vinna «Århundrets Stemme».

Klar for singelslepp og TV2-premiere
Eirik Strønen Søfteland syng ein kjent James Brown-låt på premieren av Århundrets Stemme på TV2 laurdag. (Foto: Espen Solli, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. feb. 2018 08:37

Bildeserie:

Ivar Dyrhaug, Guri Solberg og Bertine Zetlitz. (Foto: Espen Solli, TV2)
Ivar Dyrhaug, Guri Solberg og Bertine Zetlitz. (Foto: Espen Solli, TV2)
Ti deltakarar skal synga seg gjennom tiår for tiår. (Foto: Espen Solli, TV2)
Ti deltakarar skal synga seg gjennom tiår for tiår. (Foto: Espen Solli, TV2)
1 av 2
Ivar Dyrhaug, Guri Solberg og Bertine Zetlitz. (Foto: Espen Solli, TV2)
Ti deltakarar skal synga seg gjennom tiår for tiår. (Foto: Espen Solli, TV2)

I januar blei det kjent at Eirik Strønen Søfteland er blant ti deltakarar i ein ny musikkonkurranse på TV2, «Århundrets Stemme», de deltakarane frå episode til episode skal tolka låtar frå bestemte periodar.

– Vi skal synga oss gjennom tiår for tiår, og det går ikkje kronologisk. Vi startar med 60-talet, og eg trur 70-talet kjem omtrent midt i sesongen. Då får deltakarane synga to låtar, eg MÅ koma til 70-talet, men ønsker naturlegvis å vera med heile vegen, sa Eirik til Midtsiden i januar.

I går var Eirik i Oslo på lydprøve og kostymeprøving, fredag skal han tilbake for siste finpuss på førebuingane før premieren laurdag klokka 20.

– Eg skal synga pappa sin signaturlåt «I got you» (I feel good) av James Brown. Då kan du ikkje gå kledd i kva som helst, seier Eirik og ler.

• Sjå pappa Tord Søfteland med comeback-aktuelle Untouchebl(u)es synga «I got you» i ein video frå Fjellheim eit stykke nede i denne artikkelen.

Får favorittstempel

Musikkekspertar i «Århundrets Stemme» er Beat for Beat-legenda Ivar Dyrhaug og musikaren Bertine Zetlitz.

Det blei seinare klart at Guri Solberg skal vera programleiar.

Dette er dei ti deltakarane: Chris Medina (34), Daniel Owen (18), Eirik Søfteland (29), Frida Ånnevik (33), Guri Schanke (56), Jannike Kruse (42), Marianne Sveen (36), Nosizwe Baqwa (35), William Hut (44) og Øivind «Elg» Elgenes (59).

Det norskeigde bettingselskapet Coolbet.com har sett odds på deltakarane. Dei held Søfteland som favoritt.

– Hæ? Er eg favoritt? Huff, det likte eg ikkje. Det er vel ikkje bra å bli favorittstempla før premieren, seier Eirik, men roer seg når han får høyra oddsen, og at to andre følgjer hakk i hel.

– Det er eit spennande og godt felt, men Eirik Søfteland imponerte stort i Idol og passar godt til dette konseptet. Det er naturleg at han får favorittstempelet framfor Chris Medina, seier Mikael Mellqvist frå Coolbet.com.

Vinnaroddsen på Eirik Søfteland er 3.50, mens Chris Medina gir 4 i odds. Guri Schanke følgjer til 5.5 i odds, Øyvind Elgenes og Nosizwe Baqwa til 7.5 i odds.

Nytt namn, ny singel og nytt album

I opptakten til TV-premieren har Eirik skifta namn på bandet sitt til «Sipher».

– Det er framleis «bandet mitt», med dei same medlemmane styrt i eit «varmt diktatur». Eg tenkte «Sipher» kan eigna seg betre om vi skal få folk utanfor Noreg til å høyra på musikken vår.

Sipher har signert platekontrakt med Apollon Records og skal i juni gje ut debutalbum på vinyl, CD og online.

Fredag kjem første singel frå albumet, låten «Atlas». Dette er den første låten Eirik slepp sidan «Lust or love» i november 2013.

– «Lust or love» føler eg var litt hastverk etter Idol og ikkje heilt i den gata vi speler. Det var rock, men ikkje den progressive rocken som vi no vil gje ut med Sipher.

– Så no kan det bli europaturné med debutalbum i baklomma?

– Det hadde vore stas, men først må vi gje ut albumet og sjå kva respons vi får. Det mest realistiske er at vi får oss ein liten noregsturné, innom dei største byane, i haust.

– Men Apollon har eit stort nettverk, og om vi får fans på kontinentet kan det bli duka for ein tur nedover i Europa neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.