Klar for stein og betong
Arbeidet med Oseana-tomta er snart ferdig, moloen skal plastrast neste veke og trekninga av skulptur skal skje samstundes som grunnsteinen skal leggast ned.


Fredag 31. juli var siste frist for å delta i trekninga av Arne Mæland-skulpturen. Alle som har støtta Oseana i OKK-kampanjen ved å kjøpa andelsbrev eller sete har lik sjanse for å vinna skulpturen det skulle vore trekning på måndag som var.
- I siste halvdel av august skal grunnsteinen leggast ned, og vi har bestemt oss for å venta med trekninga til då, seier kommunaldirektør Karl Ole Midtbø.
I mellomtida skal det skje mykje på tomta.
Ferdig hamn
- Vi er omtrent ferdige. No rundar vi av med å ta vekk siste del av fjellet ved vegen, og tøma dei siste lassa med stein til den nye moloen, seier anleggsleiar Morten Ophaug frå Vassbakk & Stol.
I neste veke kjem ein lekter med storstein som skal brukast til å plastra utsida av moloen. Korleis innsida av moloen skal sjå ut er førebels ikkje bestemt.
- Vi gjer også ferdig resten, så stykket frå den nye moloen til den gamle ser bra ut. Dei neste to vekene kjem det til å ta bra form.
Under havskorpa
Oseana-tomta på Mobergsneset er byggeklar. Vassbakk & Stol rundar av sin del av arbeidet med å gjera ferdig moloen og rydda klart på Os Sjøfront si tomt.
- Vi har sprengt og gravd oss 1,7 meter under havskorpa for å laga plass til kjellaren, der det i hovudsak kjem teknisk rom, seier Ophaug.
Tett før jul?
Stoltz Entreprenør AS (Stoltz Røthing) vann anbodsrunden på betongarbeid, og byrjar snart å rigga seg til. Noko av betongen kjem i ferdige delar, anna skal støypast på plassen.
24. august går anbodsrunden ut for ein del andre handverkarar, blant anna tømrararbeidet.
- Vi satsar på å halda tempoet oppe, og like over nyttår reknar vi med at bygget er tett, seier ordførar Terje Søviknes.
Bustadar og parkeringshus
Ifølgje Søviknes vil Os Sjøfront legga dei første bustadane i det planlagte anlegget ved sida av Oseana for sal i oktober.
- Vi vil snarast oppretta parkeringsselskap saman med Os Sjøfront, og vi vil jobba for å få reist dette uavhengig av tempoet i salet av husvære, seier ordføraren.
Parkeringshuset skal ligga i bakkant av tomta, nærmast vegen, og få plass til 200 bilar fordelt på tre etasjar.