Sport | 14. juni 2010

Klar for Titleist-tour

Ceilie Langeland Olsen frå Bjørnefjorden GK kvalifiserte seg til Titleist Tour. Alexander Heggland gjorde det igjen skarpt på heimebane.

Klar for Titleist-tour
Andris Hamremandag 14. juni 2010 11:01

Cecilie Langeland Olsen tok i helga turen til Jæren GK kor ho spela B-tour saman med fire andre frå Bjørnefjorden GK (BJGK).

Ho starta litt trått laurdagen og låg på fjerde plass fire slag bak leiar Katerina Jæger frå Stavanger GK. Søndagen smelte Cecilie til med dagens beste runde kor ho brukte berre 77 slag på å ta seg rundt par-70 bana på Jæren. Dermed vann ho den andre runda, men det holdt ikkje heilt. Ho enda på andreplass berre eit slag bak leiaren frå dagen før.

Med den sterke andreplassen kvalifiserte ho seg til golfens gjevaste turnering Titleist Tour. Denne går på Meland om fjorten dager. Der vil Cecilie møte dei beste golfarane i Noreg.

Resultata for dei andre frå BJKG på Jæren:
8. plass Natalie Engeseth + 36. 19 spelarar deltok i jenteklassa.

Delt 27. plass Anders Engelsen + 29, delt 31. plass Ole Petter Oldervoll + 32, 40. plass Stian Skage + 36. 55 spelarar deltok i gutteklassa.

Alexander igjen sterk på heimebane
Alexander Heggland vann for tre veker siden Junior Regio Tour på Bjørnefjorden. I helga arrangerte klubben ny turnering. Denne gongen eliteturneringa Golftour Hordaland. Alexander spela to jamt gode runder på 74 slag både dagane.

Etter å ha lagt på tredje plass etter laurdagen spela han seg opp og tok andre plassen bak Vetle Marøy frå Bergen GK som starta turneringa med å gå laurdagens runde ein under par.

Klatra ti plassar
Den største klatringa på resultatlista sto Torstein Guttormsen frå BJGK for då ha klatra får femtende til femte plass i løpet av sundagens runde. Sundag gjekk han dagens beste runde med 73 slag, eitt betre enn Alexander.

Golftour Hordaland er ei eliteturnering for dei beste spelarane i Hordaland. Turneringa går over sju helger og avsluttast på Herdla GK 21. og 22. august. Golftour Hordaland blei første gong arrangert i fjor. Då vann Bjørnefjordenspelar Øystein Engevik heile touren foran klubbkamerat Sverre Marcelius.

Sjå komplett resultatliste frå rundane på Bjørnefjorden her.

Solveig klar for EM
Solveig Helgesen frå BJGK har tatt steget frå juniorlandslag til seniorlandslaget og er ei av seks jenter som skal representera Noreg i Lag-EM på La Manga 6. - 10. juni. Landslaget tok i fjor åttande plassen i meisterskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.