Sport | 06. feb. 2010

Klar for treningskampar

Os-spelarane har nesten ikkje vore borti ballen i år. Sundag spelar dei to treningskampar på Kuventræ.

Klar for treningskampar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. feb. 2010 17:39

- Det har vore tøft å ikkje få spela, men eg trur vi har kome bra ut av det, seier kaptein Stian Lunde.

- Men det blir både kjekt og spennande å spela kamp i morgon, legg han til.

Møter Ny-Krohnborg og Fana
Sundag spelar Os årets to første treningskampar, begge på kunsgras på Kuventræ.

- Vi møter Ny-Krohnborg klokka 16 og Fana klokka 19, fortel assistenttrenar Tore Nielsen.

Sjølv om motstandarane er i kvar sine divisjonar har ikkje Os toppa laget som møter sesongens andredivisjonsmotstandar Fana.

- Det er tidleg på året og gruppa er jamn så vi har berre delt troppen i to meir eller mindre like lag.

Fin fysisk form
Den store snømengda som kom helga 18. til 20. desember blei liggande ei stund på banane på Kuventræ. Spelarane brøyta seg ein sjuarbane på nyåret, men då var det også veldig kaldt. Og då heile banen endeleg blei meir eller mindre snøfri kom eit nytt lass med snø.

- Vi har vel berre hatt éi veke med skikkeleg trening på banen. Men vi har vore samla på Nautilus til vanlege treningstider, løpt 5000-meter, gått på spinning, trent styrke og hatt symjetrening leia av Elin Austevoll, fortel Lunde.

- Då vi var på Høgskolen i Bergen og tok VO2-maks-prøve fekk vi bevis på at vi er i god fysisk form, spesielt dei yngre spelarane. Men det blir likevel spennande å spela fotball på full bane igjen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.