Sport | 04. aug. 2016

Klare for 1/8-dels finaler

Norway Cup: Både Os 1 og Os 2 (G16) er klare for 1/8-dels finalar. OPPDATERT: Også juniorane vidare.

Klare for 1/8-dels finaler
Os 2 er klare for 1/8-delsfinale etter å ha skårt 9 sekund ut i første ekstraomgang (privat foto)
Andris Hamretorsdag 04. aug. 2016 08:47

Norway Cup rullar vidare torsdag med sluttspel. Torsdag morgon har dei to gutelaga til Os vore i sving i kvar sin 1/32-delsfinale. Os 1 tok ein grei 3-0 siger over Røa og møter brasilianske Pequeninos Do Jockey i 1/8-delsfinalen klokka 13.30 i ettermiddag.

Tettare blei det for andrelaget som avgjorde mot Ål/Geilo ni sekund ut i første ekstraomgang.

– Vi går rett i angrep på kanten etter avspark i ekstraomgangen. Trygve Bjørnevik set ballen i mål, fortel Ostrenar Helge Heggland. Målet kom etter at Bjørnevik blei spelt strålande igjennom av Håvard Hernes Leonsen.

Dei to ordinære omgangen blei tette og jamne fortel Heggland.

– Det var tett og jamnt, men vi tok meir og meir over etterkvart som dei andre blei slitne. Vi hadde òg eit mål som Thomas Håvardstun skårte annullert og fleire store sjansar. Annulleringa meiner vi var feilaktig, men slik er det. Det blei ein spennande kamp, oppsummerer Heggland på veg tilbake til hotellet for ein matbit og ein kvil.

I 1/8-delfinalen klokka 13.30 møter dei Bærum.

Juniorane vidare

Juniorlaget til Os spelte sin 1/16-delfinale mot tyske Vaalserquartier FV, og vann 3-2 etter det som i følgje rapportane frå Oslo blei ein tøff batalje, kor Os spelte med ein mann mindre i delar av kampen. Os møter Kolbotn i 1/8-delsfinalen kl. 1715.

Fleire kampar

Det er ikkje berre gutelaga som framleis heng med i Norway Cup. G14 speler no mot Pequeninos Do Jockey i 1/16-delsfinalen (oppdatert: brassane blei for sterke for Os-gutane og vann 4-1). Juniorane møter Vaalserquartier FV i 1/16-delsfinalen klokka 1130. J16 speler sin 1/16-delsfinale mot Bækkelaget klokka 1330, medan andrelaget til juniorane speler 1/8-delsfinale i B-sluttspelet mot Follese klokka 14.45.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.