Sport | 06. juni 2013

Klare for fiskesommar

Os Jakt og fiskelag satsar på godt fiske i sommar. Tysdag inviterar dei barn og unge til gratisarrangement på Oseanamoloen.

Klare for fiskesommar
Ove Lyssand og Mona Kjelby i Os Jakt og fiskelag gler seg til høg aktivitet på Oseanamoloen tysdag 11. juni (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. juni 2013 09:05

Noregs Jeger og Fiskerforbund inviterar til fiskesommar 150 plassar rundt i heile landet i løpet av juni og juli. For tredje gongen på rad inviterar lokallaget på Os til fisking frå Oseanamoloen.

Då arrangementet starta for to år sidan stilte omlag 20 ungdommar, i fjor var det heile 38 som freista fiskelykka.

– Vi satsar på enno fleire i år.

– Det blir gratis for alle opp til 16 år.

– Dei som melder seg inn i ungdomsgruppa vår får dette til halv pris og i tillegg fiskeutstyr til mellom 7-800 kroner, fortel Ove Lyssand og nyvald leiar i ungdomsutvalet Mona Kjelby.

Kven får største fisken?

Arrangementet startar klokka 18 og varar eit par timar.

– Vi ber alle som kjem om å ta med seg det dei har av fiskeutstyr og ikkje minst flyteplagg, så skal vi freista å rettleia i bruken av utstyret så godt vi kan.

– Det kjem til å bli både premiar og giv-aways til dei som klarar å få fisk, smiler dei to.

Gratis laksefiske

I tillegg til fiskedagen tysdag 11. juni inviterar ungdomsgruppa til laksefiske i Oselvo.

– 9. juli og 15. august har vi plassar i sone 0, 1 og 2 for ungdommar.

– Også dei to arrangementa er sjølvsagt gratis, og er ein heldig og dyktig kan det bli både laks og aure på kroken, seier Ove Lyssand.

Ein gong i månaden

– Men det er ikkje berre det vi gjer på i ungdomsgruppa.

– Vi tek sikte på å ha eit arrangement ein gong i månaden. Det kan vera alt frå fluebindekurs og havfiske-tur til fangstfeller og skytekurs, supplerar den nyvalde leiaren i ungdomsgruppa.

Saman med Hordaland jakt og fiskeforening inviterar også lokal-laget til aktivitetar andre stader i fylket.

– Andre helga i august blir det fiskecamp for barn og unge på Askøy.

– Det blir telttur, kanopadling og ikkje minst fisking både frå land og frå båt, avsluttar Mona Kjelby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.