Gry Skarstein, Thomas Helgesen og Tore Matre er tre av spelarane på kjendislaget under EMS-cup

Klare for kjendislaget

Gry B. Skarstein, Thomas Helgesen og Tore Matre er tre av spelarane på årets kjendislag under EMS-cupen på Kuventræ.

Av: Andris Hamre

I helga er det duka for Eat Move Sleep (EMS)-cup på Kuventræ med 170 lag og meir enn 5000 deltakarar. To lag er rett nok ikkje påmeldt, men skal likevel spela éin kamp på søndagen.

– Vi gjentek suksessen frå i fjor med eit kjendislag som møter gatelaget vårt. Det blei ein fantastisk kamp og utruleg kjekt i fjor, så vi satsar på like stor stemning i år, seier Endre Brenne.

Les òg: 

Redda kjendisane 
– Det beste skotet i karriera

Kjendislaget

Brenne har fått med seg ei god blanding med lokale heltar til søndagens kamp.

– Per i dag ser troppen slik ut: Brynjar Øvstedal, Sverre Lunde Pedersen, Gry B. Skarstein, Thomas Helgesen, Jan Helge Corneliussen, William Lindborg, Daniel Skotheim, Eirik André Hesthamar og Tore Matre.

– I tillegg kjem mest sannsynleg også Håvard Holmefjord Lorentzen.  Det er spesielt kjekt at Sverre, og forhåpentlegvis Håvard, tek seg tid til denne kampen midt i oppkøyringa til ein ny skøytesesong.

Kan bli "forsterka"

Kjendisane møter gatelaget til Os Turn som tidlegare i vår utvida "opptaket" til troppen

– Dei er i utgangspunktet fulltallige, men dei blir kanskje forsterka med stjernespelarane Tore Kleppe og Stian Kvåle. Vi får sjå, dei står i allefall i troppen.

– Kampen går klokka 1200 til 1230 på søndag. Då stoppar vi turneringa og samlar alle dei unge spelarane for å sjå denne kampen.

– Laurdagen får vi, som kjent besøk av Gunnhild Stordalen som er grunnleggjar og president i EAT foundation og årets gamer Randulle. Også dette skjer klokka 12, avsluttar Brenne.

Fleire saker