Sport | 26. juli 2017

Klare for Landsskytter-debut

Os stiller med ein sterk tropp ungdommar på Landsskytterstemnet i Førde. Fleire av dei deltek for første gang, men målsettinga er det ikkje noko å seie på.

Klare for Landsskytter-debut
F.V: Vegard Heimdal, Mats Øvredal, Daniel M. Fjellstad, Kyrre Haugland debuterer på landsskytterstemnet. Gaute E. Bergstø har vore med ein gong før (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. juli 2017 13:55

Bildeserie:

Mats får korrigeringar og forklaring på kvifor skotet gjekk ut frå Anstein Eidsvik (Foto: AH)
Mats får korrigeringar og forklaring på kvifor skotet gjekk ut frå Anstein Eidsvik (Foto: AH)
Daniel, Kyrre og Gaute i full konsentrasjon på 25-skotserien (foto: AH)
Daniel, Kyrre og Gaute i full konsentrasjon på 25-skotserien (foto: AH)
Litt fleire småjusteringar så er ein der (foto: AH)
Litt fleire småjusteringar så er ein der (foto: AH)
1 av 3
Mats får korrigeringar og forklaring på kvifor skotet gjekk ut frå Anstein Eidsvik (Foto: AH)
Daniel, Kyrre og Gaute i full konsentrasjon på 25-skotserien (foto: AH)
Litt fleire småjusteringar så er ein der (foto: AH)

Fredag starter landsskytterstemnet i Førde, kor fleire av veteranane frå Os skyttarlag skal i elden alt første dag. Laurdag er det òg i hovudsak dei vaksne som skal på skytebanen før ei rekkje av ungdommane skyt på søndag. Blant dei fleire som debuterer på landsskytterstemnet.

Viste lovande takter

Onsdag var nokre av dei samla på skytebanen på Ulven for den siste finpussen saman med ungdomsleiar/-trenar Anstein Eidsvik.

– Du må hugse å gjennomføre heile serien. Alle fem skota med gode avtrekk.

– No ligg du som ein banan, eg skal kunne ta ein linjal mellom skuldra di og beinet.

– Sjå der ja, no byrjer det å bli bra. Konsentrer dykk om avtrekket, no er samlinga fin i ei rett linje opp og ned.

Korrigeringane og hjelpa med å finna kva som gjer at skotet "går ut" av sentrum kjem tett på den siste gjennomkøyringa. Eidsvik pirkar i detaljane.

– Det er dei som tel. Landsskytterstemnet er noko heilt annerleis enn eit vanleg stemne. Det merkar vi som har vore med eindel år òg. Det er noko spesielt som skal skje, fortel Eidsvik når han tek med Midtsiden i bua for at gutane skal få skyte ein reell 25-skot serie, med media som tilskodar for å gje dei litt ekstra press.

Kan nå langt

Dei lokale favorittane i ungdomsklassene er Sofie Evensen, Sofia Dale, Markus Johannessen og Amalie Evensen, men Eidsvik ser ikkje bort fra at nokre av dei andre også kan gjera det skarpt, etter å ha vore gjennom den siste treningsserien.

– No sat den. Det var kanonbra skote av alle fire, skrytte Eidsvik.

– Dei har vist god framgang. Alle desse kan gjera kva som helst i eit heldig augeblikk. Som ungdommar flest er utfordringa å ha skikkelege rutiner før dei skyt seriane sine. Feltskytinga er litt enklare enn baneskytinga, så der seg er ikkje bort frå at vi får fleire i finalane. Vi hadde jo fire av dei sju øvste plassane på Vestlandsstemnet for fjorten dagar siden, forklarar Eidsvik til Midtsiden.

Gutane på treninga som Eidsvik trur kan overraska er Gaute Eide Bergstø (har skote i fem år), Kyrre Haugland (har skote i tre år), Daniel Myklebust Fjellstad (har skote i to år) og Mats Øvredal (har skote i to år).

Er spente, men gler seg

Dei fire, som etterkvart fekk selskap av Vegard Heimdal (som har skote i halvanna år), fortel at dei er spente før landsskytterstemnet.

– Men det skal bli gøy også då, fortel gutane når dei tek ei pause.

– Har de vore på landsskytterstemnet før?

– Ja, ein gong, svarer Gaute. Dei fire andre er debutantar.

– Kva er målet då?

– Å vinna, smell det kontant, med eit smil, frå yngstemann Daniel, som skyt i rekruttklassa. Dei andre er litt meir smålåtne, men lovar å gjera så godt dei kan.

Midtsiden si samleside: Alt om skyting

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.