Klare meldingar frå Søfteland
Partisekretær i Arbeiderpartiet Kjersti Stenseng fekk med seg tydelege råd då ho besøkte Compact på Søfteland.
Torsdag er partisekretær i Arbeiderpartiet, Kjersti Stenseng, på besøk hos bedrifter og organisasjonar i Os. Dagen starta med eit besøk hos nødrasjonprodusenten GC Rieber Compact AS på Søfteland.
– Eg har høyrd om dykk, men kjenner ikkje i detalj korleis de driv. Eg håper de vil utforda oss på rammevilkår og dei største utfordringane de står ovanfor, innleia Stenseng då ho møtte dagleg leiar Geir-Arne Åsnes og sals- og marknadsdirektør Erik Sunde.
Og klare tilbakemeldingar fekk arbeiderpartitoppen.
– Ikkje lov for mykje som går utover kronekursen. Den er viktig for alle oss om driv i den norske eksportnæringa. Vi lever greit med ein kronekurs på om lag 9 kroner mot euroen. I tillegg er frihandelsavtalar viktige for oss som driv i eit lite land som Noreg, understreka Åsnes med referanse til presidentskiftet i USA.
– Ikkje bygg oss inn
Det var ikkje berre partisekretæren som fekk med seg klåre signal frå industribedriften på Søfteland, også dei lokale representantane med lokallagsleiar Tone Hepsøe og gruppeleiar Helge Steinum, fekk tydelege innspel.
– Vi opplever utbyggingspress, både nord og sør for oss. Ikkje bygg oss inn for tett.
– Vi har tenkt å vera her lenge, men då må vi ha plass til å driva fabrikken, poengterte Åsnes, som fortalde at det fleire gongar i veka går bilar frå fabrikken med nødmatpakkar og vatn ut i verda.
Har 70 % av livbåtmarknaden
I tillegg til å produsera BP-5, nødmaten som dei er mest kjend for ute i verda, produserer Compact ei rekkje ulike næringsrike barar som folk i område med krig og konflikt kan overleva på.
– Det de kanskje ikkje veit er at vi med Seven Oceans-produkta våre er i livbåtane på alle ferjer på Vestlandet, og faktisk i 70 % av cruiseskip, kontainerskip og andre skip i internasjonal trafikk.
– I livbåtane ligg det reint vant frå Søfteland og ernæringsbarar som gjer at ein kan klara seg på ope hav i nokre dagar. Sjølv verft i Kina og Singapore kjøper desse produkta frå oss, fortalde Åsnes.