Kultur | 14. apr. 2015

Klare for opning av Ung Lørdag

Laurdag startar den nye ungdomsklubben i Os, Ung Lørdag. Desse artistane stiller opp for å laga opningsshow i gymsalen på Os barneskule.

Klare for opning av Ung Lørdag
Tone Rose, Eirik, Hans Marius og Fredrik speler på Ung Lørdag-opninga 18. april. Under ser du ungdomane i styret, f.v.: Anna, Christoffer, Sigve, Thomas André, Amanda Isabel, Andrea og Amalie (liggande). (Foto: Thomas André Dahl og Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. apr. 2015 21:02

Filmen til opningsshowet blei klipt ferdig måndag kveld, styret har sendt ut invitasjonar og artistane er booka.

Les òg: Ung Lørdag tar form

– Det har vore travelt, men vi er glade for at vi er mange i styret og at vi har møtt så mykje velvilje, seier Sigve Søfteland.

– Vi har også fått på plass eigen facebookside og laga arrangement på opningsfesten.

Han er elev ved Os ein av dei mange ungdomane i styret.

Kjente, lokale musikarar på scenen

Opningsfesten laurdag byr også på livemusikk.

– Vi er veldig glade for at denne gjengen stiller opp. Alle kjenner Eirik og Fredrik frå Idol og andre konsertar i Os, mange av ungdomane har også fått med seg kven Hans Marius og Tone Rose er, seier Sigve.

Idol-finalist og danseløve Eirik Søfteland skal på scenen på Ung Lørdag, det same skal Fredrik Dahle Kristiansen og Hans Marius Johnsen. Fredrik og Hans Marius spelte blant anna saman i pausen på tampen av UKM i mars (sjå video).

Tilflyttar Tone Rose Bratland sleppte si første låt i januar i fjor og kom på 1. plass på iTunes i kategorien reggae.

– Ung Lørdag har gratis inngang, kiosk, aktivitetar og er open for alle frå 8. klasse til 18 år. No er vi spente på kor mange som kjem, seier Sigve Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.