Kultur | 06. nov. 2014

Klare til jul

Laurdag opnar Galleri Vedholmen si juleutstilling med ni forskjellige kunstnarar på programmet.

Klare til jul
Juleutstilling Vedholmen Galleri. Oppe frå venstre: Ingrid Lilja Arntzen, Tuva Gonsholt. Nede frå venstre: Norvald Hemre, Astrid McGarrighan.
Kari M. Lyssandtorsdag 06. nov. 2014 12:52

Galleri Vedholmen held årleg juleutstilling med galleriet sine eigen kunstnarar, og laurdag opnar dei dørene for årets utstilling.

– Vi held på med førebuingane no, det er travelt men vi er klare til laurdag, fortel gallerieigar Vibeke Harild.

I årets juleprogram finn vi ni kunstnarar, alle med sitt eige uttrykk.

– Sjølv alle utanom ein har stilt ut hos oss før kjem alle med nye ting som ikkje er vist før.

Nokre av gjenstandane er så fersk at den kjem rett frå omnen til utstillinga.

Ein ny kunstnar

– Her får ein oppleva Norvald Hemres sirlege vaser i porselen, Tuva Gonshold sine spreke vaser og skulpturar i glas og herlig grafikk og trykk av Kristian Finborud, Astrid McGarrighan, Cecilie Galtung Døsvig.

– McGarringhan vann pris i London i september for eit av trykka sine, og ein variasjon av dette trykket blir stilt ut hos oss.

I tillegg kjem kunstnarane John Petter Havnerås (maleri), Kjell Johannessen (skulptur/lysestakar), Peter Marron (skulptur) og Ingrid Lilja Arntzen (trykk) som er ein debutant på galleriet.

– Arntzen, som kjem frå Oslo, viser underfundige ferske trykk der ein kan få assosiasjonar til den belgiske surrealisten René Margitte, og vi håpar at publikum set pris på dette nye talentet.

November er julemånaden

Harild fortel at det er november som er den viktigaste julemånaden for galleriet.

– Det er då julegåvene blir kjøpt hos oss, vi merker at mange ofte går saman for å kjøpe kunst i gåve, seier Harild.

Ho har merka ei auke i interessen etter å kjøpa kunst i gåve dei siste to åra.

– Dei som vel å kjøpa kunst bruker tid på å finna den rette gåva, panikkshopping rett før jul blir nok oftast gjort på kjøpesentera.

"Levande utstilling"

Sidan tida går mot jul så vil utstillinga vera ei såkalla "levande utstilling".

– Det betyr at vi sel direkte kunsten som er utstilt og kjøpar får denne med seg med det same, så utstillinga endrar seg løpande.

Harild er tydeleg stolt over kunstnarane som visar fram kunsten sin i månaden framover, og seier at det er kjente og dyktige utstillarar som kjem.

– Det er så flott at vi har fått tak i så gode kunstnarar, eg er veldig takknemleg for at dei har valt å stilla ut kunsten sin her hos oss.

Det er tydeleg at Harild og ektemannen Marron har eit populært galleri på Sundøy i Søre Øyane, dei har allereie booka kunstnarar for heile 2015 og 50% av 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.